Arbeiderdemokratene

Partibakgrunn
StiftaNedlagdValdeltakingStortingsrepresentasjon
1906 1965 1900 - 1965 Minst ein periode

Historie

Arbeiderdemokratene blei formelt stifta i 1906, men partiet sine røter strekkjer seg tilbake til 1900 då Castberg og De forenede norske Arbeidersamfund (stifta i 1882) såg det som svært vanskeleg å samarbeida med moderpartiet Venstre. Ved valet i 1900 stilte derfor Castberg til val på ei eiga arbeidarliste, og vann eit mandat på Stortinget.

I 1921 endra partiet namn til Radikale Folkeparti, men representantane frå partiet blei framleis referert til som arbeidardemokratar. Arbeiderdemokratene oppnådde representasjon på Stortinget i alle val frå 1903 til 1933. Etter 1927 var partiet rett nok berre aktivt i Oppland, der det stilte lister saman med Venstre. Arbeiderdemokratene rauk ut av Stortinget ved valet i 1936, og med ein svak partiorganisasjon og manglande popularitet forsvann partiet i praksis ut av norsk politikk før andre verdskrig. Formelt sett var likevel Venstre sine stortingslister i Oppland formelt sett eit samarbeid mellom Venstre og Radikale Folkeparti heilt fram til 1957. I 1965 vart Radikalt Folkeparti nedlagt.

Politisk følgde Arbeiderdemokratene ein ikkje-sosialistisk kurs, med saker mynta på arbeidarar og småbrukarar som veljarar. Partiet hadde sine ideologiske røter i det “borgarlege” arbeidarforbundet Det norske arbeiderforbund, grunnlagt av Jon Hol.

Sentrale organisatoriske hendingar
ÅrHending
1906 Arbeiderdemokratene stifta. Partiet har klare band til den radikale delen av Venstre, men blir her sett på som nyoppretta.
1921 Arbeiderdemokratene endra namn til Radikale Folkeparti.
1965 Radikale Folkeparti formelt lagt ned i 1965.