Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti

Partibakgrunn
StiftaNedlagdValdeltakingStortingsrepresentasjon
1921 1927 1921-1924 Minst ein periode

Historie

Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti vart skipa i 1921 av ei gruppering som meinte DNA hadde for nære band til Den Kommunistiske Internasjonale (Komintern). Partiet stilte til val i 1921 og 1924, og fekk ved begge høve inn åtte representantar på Stortinget.

I 1923 hardna striden kring Komintern til i DNA, og frontane mellom dei som ville bli i Internasjonalen og dei som ville melde seg ut blei steile. Den sistnemnde fraksjonen enda same år opp med å skipa sitt eiget parti – Norges Kommunistiske Parti – medan DNA melde seg ut av Komintern. Med det fall mykje av etableringsgrunnlaget for Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti vekk, og i 1927 gjekk partimedlemmane inn att i DNA.

Sentrale organisatoriske hendingar
ÅrHending
1921 Norges Sosialdemokratiske Parti stifta av moderat utbrytargruppe frå DNA.
1927 Norges Sosialdemokratiske Parti lagt ned ved innlemming i DNA