Arbeiderpartiet

Partibakgrunn
StiftaValdeltakingStortingsrepresentasjon
1887 1894 - Minst ein periode

Historie

Politisk var Det Norske Arbeiderparti (DNA) opphavleg eit svært radikalt parti som bygde sine program på ein sosialistisk ideologi med utgangspunkt i analysane til Karl Marx om klassetilhøve og utbytting i det kapitalistiske samfunnet. Etter kvart vart standpunkta meir moderate: Ein seier gjerne at partiet utvikla seg frå å vera ei revolusjonært parti til å bli eit reformistisk parti. I dag går Arbeidarpartiet for å være eit rimeleg tradisjonelt og moderat europeisk arbeidarparti.

Det Norske Arbeidarparti (DNA) vart stifta i 1887 for å fremja og verna om interessene til arbeidarklassen, som byrja å veksa fram på denne tida. I 1903 vart partiet for fyrste gong representert på Stortinget.

Etter den russiske revolusjonen i 1917, vart mange arbeidarparti i Europa meir radikale. Også den norske partileiinga vart meir radikal, og då partiet melde seg inn i Komintern, ei internasjonal samanslutning av arbeidarparti under leiing av det sovjetiske kommunistpartiet, braut ei mindre og meir moderat fløy ut og danna Norges Sosialdemokratiske Parti i 1921. To år seinare, i 1923, valde DNA å melda seg ut att av Komintern. Dette førte til ei ny splitting. Gruppa som framleis ynskte tette band til Sovjet, braut ut og skipa Norges Kommunistiske Parti (NKP).

Før valet i 1927, vart DNA og dei meir moderate sosialdemokratane samde om å gravleggja usemja og samlast på ny. Dei gjorde eit godt val, og partiet vart for fyrste gong det største partiet på Stortinget. Partileiaren, Hornsrud, fekk i oppgåve å skipa regjering, men regjeringa vart felt av dei borgarlege partia ni dagar etter at den sosialistiske regjeringsfråsegna vart lagt fram.

I 1935 kom partiet på ny i regjeringsposisjon, der dei vart sitjande like fram til 1965. Den nesten tjue år lange arbeidarparti-dominansen vart berre avbroten av 28 dagar med borgarleg samlingsregjering under John Lyng, i etterkant av Kings Bay-saka i 1963.

I 1961 vart to representantar ekskludert frå DNA på grunn av usemje i utanrikspolitikken. Dei to ekskluderte, skipa partiet Sosialistisk Folkeparti. I samband med EF-strida drygt ti år seinare, i 1972, gjekk nokre DNA medlemmer over til Sosialistisk Valgforbund (SF og NKP i samarbeid). Utbrytarane var seinare med då SV vart skipa i 1975.

Etter valet i 2005, gjekk partiet inn i si første koalisjonsregjering, saman med SV og Senterpartiet. Med Jens Stoltenberg som statsminister, vann den såkalla raudgrøne koalisjonen valet også i 2009. I 2011 skifta partiet offisielt namn, frå Det norske Arbeiderparti til Arbeiderpartiet.

Sentrale organisatoriske hendingar
ÅrHending
1887 Arbeidarpartiet vart stifta.
1921 DNA miste ei utbrytargruppe til Norges Sosialdemokratiske Arbeiderparti.
1923 DNA miste ei utbrytargruppe til Noregs Kommunistiske parti
1927 Norges Sosialdemokratiske Arbeiderparti gjekk inn att i DNA.
1961 DNA ekskluderer personar som stiftar Sosialistisk Folkeparti.
1972 DNA miste ei utbrytargruppe som danna Demokratiske Sosialister.
2011 DNA skifta namn til Arbeiderpartiet.