Norges Kommunistiske Parti

Partibakgrunn
StiftaValdeltakingStortingsrepresentasjon
1923 1924 - Minst ein periode

Historie

Norges Kommunistiske Parti vart skipa i 1923 av ei utbrytargruppe frå DNA som ikkje ville at partiet skulle melda seg ut av Komintern. Partiet tok då med seg 13 stortingsrepresentantar frå Arbeiderpartiet, ein betydeleg del av DNA sine representantar. Ved valet i 1924 blei seks av desse representantane attvalt. Etter dette sank NKP si oppslutning, og korkje ved valet i 1933 eller i 1936 fekk partiet inn nokon representantar på Stortinget.

Under krigen deltok NKP aktivt i motstandskampen mot tyskarane, noko som førte til ein oppsving i popularitet. Ved valet i 1945 fikk kommunistpartiet 11,9 prosent oppslutning, og med det 11 representantar på Stortinget. Men, i åra som følgde blei partiet satt kraftig tilbake. Intern krangling og uro gjorde organisasjonen svak frå innsida, mens hendingar som Einar Gerhardsen sin kjende Kråkerøy-tale frå 1948 der han tok avstand frå kommunistpartiet og stempla det som ein fiende av demokratiet og fridomen til folk i Noreg, braut partiet ned frå utsida. Rett nok vann NKP representasjon på Stortinget både i 1953 og 1957, men partiet klarte aldri å oppnå like høg oppslutning som ved valet i 1945. Utover 60-talet vart det i det heile tatt ganske stille frå Norges kommunistiske parti.

NKP dukka til ein viss grad opp att i rampelyset under EF-debattane i 1972, og ved valet året etter tok det del i Sosialistisk Valforbund. NKP trekte seg ut av samarbeidet ved skipinga av SV i 1975. Etter det har kommunistpartiet i stor grad forsvunne frå det politiske landskapet i Noreg, og gir ikkje anna enn sporadisk lyd frå seg i media. Valoppslutninga til NKP i nyare tid syner greitt endringa i partiet sin posisjon i norsk politikk sidan 1945: ved stortingsvalet i 2009 fikk partiet berre 697 stemmer, på landsbasis.

Sentrale organisatoriske hendingar
ÅrHending
1923 Noregs kommunistiske parti skipa av arbeiderpartimedlemmer som ynskte å halda tette band til Moskva.