Rød Valgallianse

Partibakgrunn
StiftaValdeltakingStortingsrepresentasjon
28.05.1973 1973 - Minst ein periode

Historie

I 1973 vart Rød Valgallianse etablert som valorganisasjonen til Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene), forkorta til AKP (m-l). I tillegg til AKP (m-l), kunne også såkalla uavhengige sosialistar ta del i valorganisasjonen. RV som parti vaks opphavleg fram innafor Sosialistisk Ungdomsforbund (SUF), som var ungdomsorganisasjonen til Sosialistisk Folkeparti (forløparen til Sosialistisk Venstreparti). I 1991 vart den lause valalliansen omstrukturert til å bli eit eige parti bygd på individuelt medlemsskap, juridisk skilt frå AKP. I 2007 slo RV seg saman med AKP, og saman skipa dei et nytt parti under namnet Rødt.

Rød Valgallianse/Rødt er eit svært radikalt parti som har som langsiktig mål å omdanna Noreg til eit sosialistisk samfunn. Dei ideologiske røtene til Rød Valgallianse finst i skriftene til Karl Marx, Vladimir Lenin og Mao Tse-tung.

Som eit temmeleg ytterleggåande parti på venstresida, har RV/Rødt aldri fått spesielt stor oppslutning i høve val. Ved stortingsvalet i 1993 fekk partiet inn sin fyrste og til no siste kandidat på Stortinget (Erling Folkvord frå Oslo). Etter perioden 1993-1997 har ikkje partiet vunne representasjon i høve stortingsval. Ved kommune- og fylkestingsval har partiet derimot vunne sete i fleire kommunestyre og fylkesting rundt om i landet. Ved lokalvala i 2007 fekk partiet sin hittil fyrste ordførar, Knut Henning Thygesen i Risør kommune, som blei valt gjennom direkteval.

Sentrale organisatoriske hendingar
ÅrHending
1973 Rød Valgallianse etablert som valorganisasjonen til AKP og uavhengige sosialistar.
1991 RV får sjølvstendig juridisk status som parti, utan band til AKP.