Prosjekt og samarbeid

NSD samarbeider i ei rad nasjonale og internasjonale nettverk, prosjekt og organisasjonar for å forbetre og bygge infrastruktur og ressursar for forsking.

Internasjonale prosjekt og samarbeid

CESSDA

NSD er norsk tenesteleverandør i den felleseuropeiske forskingsinfrastrukturen for samfunnsvitskap CESSDA (Consortium of European Social Science Data Archives). Målet er å gi forskarane omfattande tilgang til data og dermed ny innsikt og kunnskap på tvers av organisasjonar og landegrenser.
cessda.net

CESSDA SaW

NSD deltar i CESSDA SaW (Consortium of European Social Science Data Archives – Strengthening and widening). Målet med CESSDA SaW er å styrke samhandlinga og kvaliteten i og mellom arkiva som alt er del av CESSDA og samstundes legge til rette for at dei som i dag ikkje er del av CESSDA kan oppfylle krava til medlemsskap. NSD leiar ein av dei fem arbeidspakkane i CESSDA SaW. Prosjektet er finansiert av EU (Horizon 2020).
cessdasaw.eu

ESS ERIC

NSD er ansvarlig for lagring, behandling og distribusjon av data og dokumentasjon i ESS (European Social Survey). ESS har rundt 100.000 brukarar frå heile verda. Sidan starten i 2001 har NSD vore del av Scientific Core Team. NSD driv også ESS’ offisielle nettstad. ESS har status som ERIC (European Research Infrastructure Consortium), eit juridisk rammeverk for europeisk forskingsinfrastruktur.
europeansocialsurvey.org

DDI Alliance

Som medlem i DDI (Data Documentation Initiative), brukar NSD DDIs standard for dokumentasjon og tilrettelegging av data frå spørje- og intervjuundersøkingar, samt andre observasjonsmetodar som er i bruk i samfunnsvitskapen, åtferdsstudiar, økonomi og helsefag.
ddialliance.org

ICPSR

NSD er medlem av ICPSR (Inter-university Consortium for Political and Social Research), eit internasjonalt konsortium av meir enn 750 akademiske institusjonar og forskingsorganisasjonar. ICPSR tilbyr leiarkurs og opplæring i handtering, kuratering av data og metodar for analyse tilpassa forskarar frå samfunnsvitskapen.
icpsr.umich.edu

IFDO

NSD er medlem av IFDO (International Federation of Data Organisations for the Social Sciences), som arbeider for å støtte og legge til rette for forsking gjennom samarbeid på tvers av land, regionar og kontinent.
ifdo.org

ISSP

NSD blei medlem av ISSP (International Social Survey Programme) i 1989. ISSP gjennomfører undersøkingar i opptil 45 land og gir forskarar høve til å studere Noreg i eit globalt perspektiv med data heilt tilbake til 1980-talet og fram til i dag. NSD står for gjennomføring av undersøkingane i Noreg.
issp.org

SERISS

NSD tar del i det omfattande europeiske forskingsprosjektet SERISS (Synergies for Europe’s Research Infrastructures in the Social Sciences). Målet er å bryte ned barrierar for utveksling av forskingsdata og å utvikle nye former for datainnsamling i samfunnsforskinga. Satsinga er del av EUs program for forsking og innovasjon, Horizon 2020.
seriss.eu

Nasjonale prosjekt

NSD NORDi

(Norwegian Open Research Infrastructure) skal gjere det enklare å finne, bruke og dele forskingsdata. Det 5-årige prosjektet skal fram mot 2021 utvikle og etablere ein ny e-infrastruktur for forskingsdata med brukarvennlege verktøy for deponering, administrasjon og tilgjengelege forskingsdata. Prosjektet er finansiert av Norges Forskningsråd.
nsd.no/nordi

RAIRD

NSD samarbeider med SSB om utvikling av nye nettbaserte forskingsverktøy for registerdata i RAIRD (Remote Access Infrastructure for Register Data). Målet er å forenkle og auke forskarane sin tilgang til registerdata, utan at dette går ut over personvernet. RAIRD er finansiert av Norges forskningsråd.
raird.no

eVIR

NSD er prosjektpartnar i eVIR (e-infrastructure for Video Research), leia av Universitetet i Oslo. Målet er å etablere ein nasjonal database for lagring av videodata som legg til rette for deling og bruk mellom forskarar og samstundes sikrar personvernet. eVIR er finansiert av Norges forskningsråd.
eVIR nettside

© NSD - Norsk senter for forskningsdata • Kontakt NSDPersonvern og informasjonskapsler (cookies)