NSD grafikk
grafikk: NSD

International Social Survey Programme (ISSP)

Undersøking om miljø

Av Knut Kalgraff Skjåk

Grafikk - NSD Kommunedatabasen

Som medlem av ISSP gjennomførte NSD våren 2011 spørjeundersøkinga ”Undersøkelse om miljø”. Same undersøking vart gjennomført i 1993 og 2000. Resultata frå 2000 indikerte at folk var mindre opptekne av miljøspørsmål enn i 1993, og undersøkinga i 2011 tyder på svært små haldningsendringar dei siste ti åra.

Figuren presenterer resultat i viktige dimensjonar i undersøkinga. Vi ser at det over tid er ein svak oppgang i å prioritere økonomiske omsyn framfor miljø (Framsteg og miljø), medan trua på at kvar enkelt kan gjere noko for miljøet (Efficacy) har ein svak nedgang. Den største endringa over tid er knytt til ”trade-offs” ved at det i 2000 var langt færre enn i 1993 som svarte at dei var viljuge til å yte ”mykje meir” økonomisk for eit betre miljø. I 2011 var resultatet det same som i 2000.

Datainnsamlinga vart gjennomført som ein kombinert post- og nettundersøking av TNS Gallup og NSD i perioden mars–mai 2011. Datasettet inneheld svar frå 1 382 personar i alderen 18–79 år.

Internasjonale data vil bli publisert seinare i 2012.

Datasettet er publisert i datasamlinga Norske spørreundersøkelser.

Artikkel publisert i NSDnytt Nr 1-2012.