NSD grafikk
grafikk: NSD

Skuleval

Meiningar om minoritetar

Av Atle Jåstad

Grafikk - NSD

I skulevalundersøkinga til NSD blir elevane bedne om å seia si meining om fire minoritetsgrupper i samfunnet: homofile, ikkje-vestlege innvandrarar, jødar og muslimar. Elevane skal plassera seg på ein skala frå 0, som tyder ”mislikar sterkt”, til 10, som tyder ”sterk sympati med”. Kategorien 5 uttrykkjer ei nøytral haldning.

Ved å sjå på gjennomsnittet for kvar variabel (sympatien aukar med verdien), blir det tydeleg at elevane har størst sympati med homofile, og minst sympati med muslimar. Ikkje uventa endrar mønsteret seg om me berre ser på dei elevane med bakgrunn frå eit land utanfor Vest-Europa eller Nord-Amerika. Denne gruppa har størst sympati med muslimar og innvandrarar, og minst sympati med homofile.

Data er tilgjengelig på NSD sine nettsider: www.samfunnsveven.no>

Publisert i NSDnytt Nr 3-2011.