NSD grafikk
grafikk: NSD
NSD grafikk
grafikk: NSD

Skuleval 2011

Godt klima for miljøsaka?

Av Atle Jåstad

Grafikk - NSD

I samband med skulevalet blir det gjennomført to spørjeundersøkingar – ei valundersøking blant elevane i den vidaregåande skulen og ei meiningsmåling blant eit representativt utval av det norske folk. Undersøkingane inneheld mellom anna spørsmål om kor viktige ulike saksområde er for val av parti. Me har rangert saksområda etter kor stor prosentdel som svarar ”svært viktig”.

Skule- og utdanningspolitikk trer fram som den klart viktigaste saka både blant elevane og i folket. Folket er også samstemt med elevane i det at kulturpolitikk har minst å seia for val av parti. For dei andre saksområda er rangeringa ulik.

Grafikk - NSD

Elevane rangerer klima- og miljøpolitikk på tredjeplass, medan folket set saksområdet på femteplass. Skilnaden mellom utvala er på om lag sju prosentpoeng. Elevane prioriterer altså miljøvern sterkare enn folket. Men det har ikkje alltid vore slik. Ved å sjå på tilsvarande prosentdelar i tidligare undersøkingar, ser me at miljøsaka har blitt prioritert sterkare av folket enn av elevane ved seks av skulevala sidan 1997. Figuren viser også at båe utvala prioriterte miljøsaka sterkast i 2007 og at prosentdelen seinare har gått ned. Resultata frå årets skuleval finst på NSD sine nettsider, der ein òg kan lasta ned data for perioden 1989–2009. NSD arrangerer skulevalet på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.

www.samfunnsveven.no

Publisert i NSDnytt Nr 3-2011.