NSD grafikk
grafikk: NSD - DBH Publikasjonspoeng

Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)

Lægre vekst i publikasjonspoeng

Av Benedicte Løseth og Lars-Petter Jevnaker

Grafikk - DBH Publikasjonspoeng

Tal frå NSD sin Database for statistikk om høgre utdanning syner oss at veksten i produksjon av publikasjonspoeng har gått ned frå 2009 til 2010. Samla sett for sektoren er auken berre 4,6 prosent medan han frå 2008 til 2009 var 9,2. For universiteta sin del er tendensen den same då veksten er på 3,6 prosent frå 2009 til 2010 og 7,1 året før.

Figuren syner utviklinga av publiseringsvolumet ved universiteta. Institusjonane frå høgskulesida har eit mindre volum, noko som gjer at ein liten auke i talet på publikasjonar gjev ekstreme utslag i endringsprosenten. I korte trekk ser ein at dei gamle universiteta i Oslo, Bergen, Tromsø og Trondheim syner stor grad av stabilitet. Derimot finn ein dels kraftig auke i aktiviteten ved dei nye universiteta. Universitetet i Agder har ein auke på over 50 prosent medan Universitetet for miljø- og biovitenskap ligg nært ein auke på 20 prosent. Fjorårets ”vinnar”, Universitetet i Stavanger, har ikkje same vekst som frå 2008 til 2009 (31,5 prosent). Litt av forklaringa på den høge auken er at volumet totalt sett på publisering ved dei nye universiteta framleis er noko lågare enn ved dei andre universiteta. Tala kan likevel tyda på at dei nye universiteta har møtt forventingar om meir forskingsaktivitet. Forskingskomponenten er ikkje berre viktig for økonomisk utteljing i finansieringssystemet, men òg sentral for å syna den generelle forskingsaktiviteten for kvar einskild institusjon, og i sektoren. Det kan sjå ut som om dei nye universiteta har innfridd forventingane om meir forsking.

dbh.nsd.uib.no/pub

Publisert i NSDnytt Nr 2-2011.