NSD grafikk
grafikk: NSD Skolevalg

Skuleval

Oppslutning om Høgre i Oslo

Av Atle Jåstad

Grafikk - NSD Skolevalg

Rundt rekna tjue prosent av elevane i Oslo plar støtta Høgre ved skulevalet. Det er likevel stor variasjon mellom skulane.

Skulevalet i 2011 blir det trettande i rekkja. Sidan 1989 og fram til i dag, har NSD gjennom skulevala samla inn mange valresultat og mykje informasjon om elevane i den vidaregåande skulen. Sett samla, er dette ei unik kjelde til kunnskap om valåtferda til ungdom, og om dei rådande haldningane i elevflokken.

I Oslo finst det fem skular som har teke del i alle skulevala, men langt fleire har teke del i nesten alle. Om me avgrensar oss til desse fem, kan me nytta skulevalresultata til å teikna ubrotne liner for heile perioden.

Persbråten markerer seg som den viktigaste høgrebastionen. Unntaket er skulevalet i 2005, då Høgre fekk nesten tjue prosentpoeng høgare oppslutning på Nordstrand. Blant dei tre andre skulane plar det vera langt færre høgreveljarar. Hellerud har utvikla seg til å bli den skulen med lågast oppslutning om Høgre, medan oppslutninga om partiet har gått noko opp på Foss. Stovner skil seg ut ved å ha det dårlegaste resultatet for Høgre

Skuleval 2011

NSD arrangerer skulevalet på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Skulevala skal i år gjennomførast i perioden 29. august–6. september 2011. Skulevalet er tenkt å vera eit politisk rollespel med elevar i dei fleste rollene: argumenterande politikarar, valfunksjonærar og veljarar. Tanken er at elevane skal få praktisk røynsle med korleis dei ulike rollene skal spelast og få betre kjennskap til vårt politiske system.

Ved skulane skal valet arrangerast mest mogeleg likt eit ordinært val. Resultata frå kvar skule blir rapportert inn til NSD, som samordnar og publiserer resultata den 6. september klokka 20.00. Meir informasjon om skulevala finst på www.samfunnsveven.no.

www.samfunnsveven.no

Publisert i NSDnytt Nr 2-2011.