NSD grafikk
grafikk: NSD - DBH Publikasjonspoeng

Livsløpsstudiar – nye moglegheitar

Av Ingvild Krogh

Grafikk - DBH Publikasjonspoeng

Statistisk sentralbyrå (SSB) og Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) har gjennom samabeidsprosjektet ACCESS Life Course Database tilrettelagt ei ”easy-to-use” fil for studien Livsløp, generasjon og kjønn (LOGG) frå 2007/2008. Dei originale datasetta inneheld komplekse data og har såleis ein ganske høg brukarterskel. Med eit mål om å gjere livsløpsstudiar lettare tilgjengelege for forsking, har dei difor laga ein meir brukarvennleg versjon av datasettet, LOGG easy-to-use 2007/2008, som no er tilgjengeleg hjå NSD.

Meir brukarvennleg

LOGG består av to store studiar: Den internasjonale Generations and Gender Survey (GGS) og den siste runden av den norske studien Livsløp, aldring og generasjon (NorLAG). I den nye ”easy-to-use”-fila har ein slått saman dei to originale filene og lagt til ferdigkonstruerte skalaer og kjernevariablar. Dette for å sikre at alle brukarar nyttar dei same standardvariablane. Eit anna vesentleg grep, er at ein har lagt til detaljert dokumentasjon. Resultatet har blitt eit solid datasett på over 1 900 variablar.

LOGG easy-to-use

LOGG easy-to-use tek føre seg tema som arbeid, pensjon, familie, livskvalitet, generasjon og omsorg, lokalmiljø og sosial integrasjon. Eit særtrekk med livsløpstudiar, er at dei er godt eigna til å gi innsikt i framtidige sosialpolitiske utfordringar. LOGG easy-to-use er berre det første resultatet av ACCESS-prosjektet. Arbeidet er allereie i gang med ei tilsvarande tilrettelegging av den norske panelstudien om livsløp, aldring og generasjon, NorLAG 2002-2008, som vil vere klar til hausten. LOGG easy-to-use og NorLAG 2002–2008 panel kan bestillast på NSD sine nettsider.

www.nsd.uib.no/nsddata

Publisert i NSDnytt Nr 2-2011.