NSD grafikk
grafikk: Eigepostar

Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)

Universiteta og høgskulane sine aksjeinteresser

Av Lars Petter Jevnaker

Grafikk - Aksjepostar

DBH samlar informasjon om alle aspekt ved verksemd på norske universitet og høgskular, til dømes data om studentar, forsking og økonomi. I tillegg til desse datakategoriane omfattar DBH òg selskapsdata. Dette er data som til ei kvar tid syner kva føretak dei statlege institusjonane har interesser i. I hovudsak omfattar det aksjar i verksemd som er engasjert i forskings- og utviklingsaktivitet

Tal frå selskapsdatabasen i DBH syner ikkje berre kvantitative aspekt ved denne aktiviteten, men òg ein del kvalitative moment. Selskapsdatabasen gjev eit komplett oversyn over alle desse aksjeselskapa med omsyn til blant anna styresamansetjing, rekneskap og eigarinteresser.

UH-institusjonane som er registrerte med aksjepostar, har i gjennomsnitt interesser i fire føretak. Flest eigarpostar finn ein hjå Norges teknisknaturvitenskapelige universitet (NTNU) og Universitetet i Bergen (UiB). Blant dei tolv eigarpostane som er kopla til NTNU finn ein i hovudsak føretak som er knytt til forskingsaktivitet, som til dømes NTNU Samfunnsforskning AS, NTNU Technology AS, HUNT Biosciences AS og andre. Nokre av dei statlege UH-institusjonane har sams interesser, noko ein ser hjå blant anna UiB og Norges Handelshøyskole som båe har interesser i Samfunns- og næringslivsforskning AS.

Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)

Publisert i NSDnytt Nr 1-2011.