
International Social Survey Programme (ISSP)
Sosial ulikskap 2009

Data frå intervjuundersøkinga Sosial ulikskap 2009 er nå publiserte på NSD sine nettsider. Undersøkinga er den norske delen av the International Social Survey Programme (ISSP) sin modul dette året. ISSP har gjennomført denne modulen fire gonger, i 1987, 1992, 1999 og 2009, medan NSD har vore med på dei tre siste. Over 40 land har gjennomført undersøkinga i 2009.
Hovudtema i det internasjonale spørjeskjemaet er:
- Å komme seg fram (askripsjon, forteneste, diskriminering, korrupsjon, utdanning)
- Faktisk og fortent lønn (lege, styreleiar, butikktilsett, ufaglært arbeidar, statsråd)
- Ulikskap, offentleg ansvar, skatt
- Kjøp av velferdstenester
- Konflikt mellom grupper i samfunnet
- Kriteria for lønnsfastsetjing
- Oppfatning av sosial mobilitet, plassering på samfunnstigen, samfunnsmodellar
- Sosial mobilitet, første og nåverande/siste yrke, far og mor sitt yrke når respondenten var 14 år
- Formue
Datainnsamlinga vart gjennomført som ein kombinert postenquête og websurvey av Statistisk sentralbyrå i perioden oktober 2009–mars 2010. Datasettet inneheld svar frå 1 456 personar i alderen 19–80 år.
Norske data er stilt til fri disposisjon for forskarar og studentar og kan tingast frå NSD eller bli lasta direkte ned frå www.nsd.uib.no/nsddata. Her finn du også norske data frå 1992 og 1999, medan internasjonale data frå 1987, 1992 og 1999 er tilgjengelege frå zacat.gesis.org. Internasjonale data frå 2009-undersøkinga vil bli publisert sommaren 2011.
Publisert i NSDnytt Nr 1-2011.


