European Social Survey (ESS)

Kumulative data - nytt nedlastingsverkty

Av Gyrid Havåg Bergseth

Grafikk - Lønnsforskjeller

Kumulative data for ESS1 til 4 er no tilgjengelege gjennom ESS Cumulative Download Wizard på ESS sine heimesider ved NSD. Her finn ein data frå land som har vore med i to eller fleire rundar og spørsmål som har vore stilt meir enn ein gong.

Det nye nedlastingsverktyet ESS Cumulative Download Wizard er utvikla i NSD sitt programsystem Nesstar og gir ei svært god oversikt over tilgjengelege variablar og land. Dokumentasjon av variablar med spørsmålsformulering og avvik er tett knytte til oversikta over variablane, og ein kan med enkle grep velje det ein ynskjer av variablar, land og rundar og slik skreddarsy sitt eige datasett. Ved å avgrense mengda data vert den nedlasta fila meir handterleg og oversiktleg. Data kan lastast ned i fleire format, m.a. SPSS/PASW, Stata og SAS, og dokumentasjon fylgjer automatisk med.

ESS Cumulative Data Wizard

Publisert i NSDnytt Nr 1-2011.