NSD grafikk
grafikk: NSDs Voteringsarkiv
NSD grafikk
grafikk: NSDs Voteringsarkiv

NSDs Voteringsarkiv

Borgarleg samarbeid

Av Arild Een

Grafikk - Ueinigheit mellom Høgre og FrP

I NSDnytt nr. 4 2008 kunne ein lese at avstanden mellom FrP og Høgre hadde auka med omsyn til korleis dei voterer i Stortinget. Uenighetsindeksen indikerte at dei to store partia på borgarleg side var i utakt på sentrale politikkområder som til dømes helsevesen, samferdsel og forsvar. Ei oppdatering av Voteringsarkivet og nye analyser med Uenighetsindeksen syner at trenden har snudd og at FrP og Høgre no samarbeidar i større grad enn tidlegare.

− Dette samsvarar med ein gjennomgang NRK har gjort av partia sine standpunkt i samband med neste års statsbudsjett. På viktige politikkområder som helse, energi og miljø og utdannings- og forskingsspørsmål er einigheita mellom H og FrP blitt betydeleg større berre det siste året. Det er fleire teikn som tyder på at dette er ein medviten samkøyring av standpunkt for å kunne framstå som eit truverdig regjeringsalternativ ved stortingsvalet i 2013, seier forskingsleiar Bernt Aardal ved Institutt for samfunnsforskning.

Grafikk - Ueinigheit mellom FrP og andre partier

FrP mot sentrum?

Ein utvida analyse som måler alle saker sett under eitt, syner at FrP har vorte meir einig med alle partia på Stortinget. Denne trenden har blitt noko sterkare etter at Stoltenberg si raudgrøne regjering vart gjenvald i 2009. Figuren syner at det er ein klar tredeling når det gjeld partia sin avstand til FrP. Avstanden til dei raudgrøne partia er størst, deretter fylgjer KrF og Venstre og til sist Høgre. Det er berre mellom Høgre og FrP at me finn at ueinigheita er under 50 prosent, samstundes har ueinigheita mellom FrP og sentrumspartia vorte mindre dei siste åra.

Data frå Voteringsarkivet kan leverast både i datafiler etter ynskt format eller som ferdige tabellar. Sjå www.nsd.uib.no/polsys

NSDs Voteringsarkiv

Publisert i NSDnytt Nr 1-2011.