
Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)
Fleire publikasjonspoeng og doktorgrader
Universiteta har hatt ein vekst både når det gjeld publikasjonspoeng og talet på nye doktorgrader i perioden frå 2007 til 2009. Mykje tyder på at dess fleire kandidatar som kjem i mål med doktorgraden, dess fleire vitskaplege artiklar vert akseptert og trykt.
I perioden frå 2008 til 2009 er det Universitetet i Stavanger (UiS) som har hatt størst prosentvis auke i publikasjonspoeng. UiS produserte 35 prosent fleire publikasjonspoeng i 2009 enn i 2008. I tillegg aukar UiS på doktorgradssida med ein vekst frå 12 doktorgrader i 2008 til 29 året etter, noko som tilsvarar ein vekst på heile 141,7 prosent. Universitetet i Oslo toppar likevel statistikken, saman med Norges teknisk naturvitenskapelige universitet og Universitetet i Bergen.
Sidan ei artikkelbasert doktoravhandling som hovudregel bør omfatta tre vitskaplege artiklar der minst ein er publisert eller akseptert for publisering, kan mykje tyda på auken i publikasjonspoeng blant norske universitet heng saman med ein vekst i talet på doktorgrader.
Du kan sjølv gå inn og analysera datamaterialet frå Database for statistikk om høgre utdanning på NSD sine nettsider.

Publisert i NSDnytt Nr 4-2010.


