NSD grafikk
Grafikk - holdning til innvandring

ESS EduNet

Syn på innvandring i Europa

Av Atle Jåstad

Grafikk - holdning til innvandring

I åtte av landa som tok del i European Social Survey vart haldningane til innvandring meir positive frå 2002 til 2006. I dei resterande ni landa, vart motstanden mot innvandring større. Lærenettstaden ESS EduNet er nyss oppdatert med to nye arbeidsopplegg: Eitt som går i djupna med temaet vekting, og eitt som viser korleis ein kan nytta data frå fleire ESS-rundar til å finna ut korleis synet på innvandring varierer mellom landa i Europa, og korleis haldningane har utvikla seg på byrjinga av 2000-talet.

I arbeidsopplegget om innvandring, blir lesaren teken med gjennom heile forskingsprosessen: Frå dei fyrste teoretiske ideane via dei ulike praktiske stega fram mot dei ferdige tabellane med mogelege tolkingar. Ei av oppgåvene går ut på å laga eit mål på ”haldning til innvandring”, og deretter å nytta dette til å studera variasjon og utvikling.

Figuren syner gjennomsnittet for dette målet for kvart land ved kvar ESS-runde. Låg verdi indikerer eit positivt syn på innvandring, medan høg verdi indikerer eit meir kritisk syn på innvandring. Lærenettstaden ESS EduNet siktar mot å gjera vegen frå teori til empiri så kort som råd. Arbeidsopplegga handsamar ulike teoretiske eller metodiske problem, og desse problema blir undersøkt med data frå dei ulike rundane av European Social Survey. Data kan utforskast og analyserast direkte i nettlesaren, men arbeidsopplegga skildrar også meir kompliserte prosedyrar som inneber at data må lastast ned og analyserast lokalt.

ESS EduNet >>

Publisert i NSDnytt Nr 4-2010.