NSD grafikk
Skuleval 2009

Skuleval 2009

Høgre - til høgre for FrP

Av Atle Jåstad

Grafikk - Skuleval 2009

Tal frå skulevalundersøkingane viser at høgreveljarer plasserer seg sjølve lengre til høgre enn det FrP-veljarane gjer.

Ei av dei mest nytta forenklingane for å forstå og forklara det norske partisystemet, er høgre-venstre-dimensjonen. Dimensjonen er viktig fordi den handlar om dei grunnleggjande prinsippa for samfunnsstyringa, til dømes: I kva grad skal det offentlege blanda seg inn i økonomi og næringsliv? Korleis skal viktige samfunnsoppgåver løysast, og kven skal løysa dei?

Grovt forenkla er den politiske venstresida oppteken av å ha ein sterk stat og ein stor offentleg sektor. Staten og det offentlege skal sikra universelle velferdsordningar og vera ein politisk pådrivar innan økonomi og næringsliv. Høgresida er meir oppteken av å avgrensa rolla til staten, både som økonomisk aktør og garantist for offentlege velferdsordningar.

Jamvel om ikkje alle dei norske partia har sitt utspring på ein bestemt stad på denne dimensjonen, må alle partia med ein heilskapleg politikk ta stilling til slike spørsmål. Difor er det vanleg, og også nyttig, å vurdera politikken til partia opp mot denne dimensjonen. Vanlegvis plasserer ein, frå venstre mot høgre, Raudt, SV og Ap på venstresida, Sp, V og KrF i sentrum og H og FrP på høgresida. Denne rangeringa høver langt på veg saman med den partia sjølve freistar å formidla.

Ved å nytta skulevalundersøkingane, kan me undersøkja den gjennomsnittlege plasseringa til kvar veljargruppe på denne dimensjonen.

Figuren viser fleire interessante utviklingstrekk. For det fyrste er høgreveljarane konsekvent plasserte lengst til høgre. Dette tyder på at det er feil å sjå på FrP-veljaren som ein representant frå det ytste høgre, der er det høgreveljaren som rår grunnen. For det andre har venstreveljaren teke fleire steg mot høgre. Sidan 2001 har den gjennomsnittlege venstreveljaren passert veljarane til både Ap og Sp. Det er også interessant å merkja seg radikaliseringa av veljargruppa til Ap.

Data fra www.samfunnsveven.no.

Publisert i NSDnytt Nr 1-2010.