NSD grafikk
Skuleval 2009

Skuleval 2009

Resultat frå Skulevalet i 2009

Av Atle Jåstad

Grafikk - Skuleval 2009

Eit viktig kjenneteikn ved resultata er dei små endringane sidan skulevalet i 2007. Tre parti gjorde det betre i 2009 enn i 2007: FrP gjekk fram med 2,9 prosentpoeng, Ap med 2,2 og V med 1 prosentpoeng. Tre parti gjorde det dårlegare i 2009 samanlikna med 2007: Raudt gjekk attende med 1,9 prosentpoeng, SP med 1,4 og H med 1,3 prosentpoeng. Skulevala har tradisjonelt vore prega av store skiftingar frå eitt val til det neste, og dei små endringane i 2009 er difor eit atypisk trekk.

FrP vann skulevalet. Partiet fekk flest røyster, og hadde også den største framgangen. Likevel er det den vetle skilnaden som er mest slåande. Under oppteljinga bytta Ap og FrP på å leia, og fyrst når dei siste skulane rapporterte inn sine resultat i dagane etter valdagen, vart det klart at FrP smatt forbi.

Skuleval

NSD er nasjonal arrangør og fagleg ansvarleg for gjennomføring av skuleval og analysar av data på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Årets skuleval er det tolvte i rekkja. Føresetnaden for eit vellukka skuleval er ein enorm arbeidsinnsats frå lærarar og elevar rundt om på skulane. NSD vil takka dei involverte aktørane.

Tala både for påmelding og deltaking var rekordhøge ved skulevalet i 2009: Av 426 påmelde skular rapporterte 416 resultat, og av 181 000 elevar var det 138 000 som røysta.

Det at FrP gjer det godt i skulevalet, er ikkje uventa. Meir spesielt er det at Ap og H ser ut til å ha etablert seg som populære ungdomsparti, og at SV ikkje greier å samla oppslutnad blant dei unge, slik dei stort sett alltid har gjort før. Skulevalresultata i 2009 kan difor indikera at dei unge er i ferd med å utvikla ei valåtferd som er meir lik den me finn i folket samla.

Data fra www.samfunnsveven.no.

Publisert i NSDnytt Nr 1-2010.