NSD grafikk
Fire av ti får kontantstøtte

NSDs Kontantstøttedatabase

Fire av ti får kontantstøtte

Av Trond Pedersen

Sidan innføringa av kontantstøtta i 1999, har talet på mottakarar nesten vorte halvert. Tala for 2008 syner ein nedgang på 47 prosent, frå om lag 88 000 til 46 000 i perioden 1999–2008.

Grafikk - Fire av ti får kontantstøtte

Vi har sett nærare på eit par sentrale trekk ved statistikken på fylkesnivå. Utviklinga var den same i alle fylka. Dette må sjåast i samanheng med den omfattande barnehageutbygginga dei siste åra. Den relative nedgangen i Oslo var likevel ikkje så sterk som i dei andre fylka. Dette kan forklarast med at det i hovudstaden var ein tydeleg auke (19 prosent) i talet på eittog toåringar i same periode, noko som truleg førte til at ein del ikkje hadde fritt val mellom kontantstøtte og barnehageplass. Akershus hadde ein svak oppgang, medan talet for Rogaland var om lag uendra. Elles var det i resten av fylka ein reduksjon i talet på eitt- og toåringar.

Delen barn det vert utbetalt kontantstøtte for har gått ned. I 1999 var denne så mykje som 75 prosent (av alle eitt- og toåringar) for heile landet, medan han i 2008 var redusert til 41 prosent. Dette indikerer at om lag 60 prosent av alle eitt- og toåringar i landet hadde fulltidsplass i barnehage i 2008. Ser ein på dei fylkesvise tala, finn ein noko variasjon. Sameleis som året før, ligg Oppland og Agder-fylka på topp med ein kontantstøttedel noko over 50 prosent, medan Akershus og dei to nordlegaste fylka ligg nedst med 30–32 prosent.

Ser ein på dei borna som mottok kontantstøtte i 2008, var det 77 prosent som ikkje gjekk i barnehage. Dei fleste var altså heimeverande eller hos dagmamma medan 22 prosent var mellom 17 og 32 timar pr. veke i barnehage. Det maksimale talet timar i barnehage utan å mista kontantstøtta er 32. I 1999 var det 87 prosent som ikkje hadde barnehageplass blant kontantstøtteborna. Delen med 25–32 timars barnehageplass pr. veke viste derimot ei auke frå 4 prosent i 1999 til 14 prosent i 2008. Det ser altså ut til at barnehageutbygginga har ført til at det no blir mogeleg for fleire å ha redusert barnehageplass for sine born, framfor å ha borna heime eller hos dagmamma.

Oslo skil seg mest ut med 97 prosent kontantstøtteborn utan barnehageplass. Dessutan er dette ei auke på 2 prosentpoeng frå 1999. Dette kan skuldast at det der er vanskelegare å skaffa seg deltidsplass i barnehage enn i andre fylker. Ein annan forklaring på den låge delen kontantstøtteborn med deltidsplass i Oslo kan vere at delen sysselsette kvinner med fulltidsjobb (30 timar eller meir per veke) er høg samanlikna med andre fylker i følgje Statistisk sentralbyrå sin registerbaserte sysselsetjingsstatistikk. Delen sysselsette menn med fulltidsjobb skil seg ikkje ut.

Data frå NSDs Kontantstøttedatabase

Publisert i NSDnytt Nr. 1-2010.