NSD grafikk
screen_hr.

ESS EduNet

Lærepakke om livskvalitet

Av Atle Jåstad

Det personlege velværet er størst i den nordlege periferien og sentralt i Europa. I tillegg hamnar øyane Irland og Kypros høgt oppe på livskvalitetslista.

Grafikk

Omgrepet livskvalitet får sitt innhald gjennom samspelet mellom mange ulike komponentar: På den eine sida har me personlege faktorar som til dømes helse, optimisme og personleg økonomi, på den andre sida sosiale faktorar som tillit, tilhøyrsle og støttande relasjonar. I tillegg er det viktig for mange å trivast på arbeid.

Nytt undervisningsopplegg

Lærenettstaden ESS EduNet er nyss oppdatert med eit nytt arbeidsopplegg som viser korleis ein kan nytta data frå runde tre av ESS-undersøkinga til å utforska ulike sider ved omgrepet livskvalitet. Dersom me ser nærare på den personlege dimensjonen av omgrepet, ser me at velværet er størst i nord og i landa sentralt i Europa, men det personlege velværet er også høgt i Irland og på Kypros.

Kort veg frå teori til empiri

ESS EduNet siktar mot å gjera vegen frå teori til empiri så kort som råd. Arbeidsopplegga handsamar ulike teoretiske og metodiske problem, og desse problema blir utforska med data frå dei ulike rundane av ESS. Data kan utforskast og analyserast direkte i nettlesaren, men arbeidsopplegga skildrar også meir kompliserte prosedyrar som inneber at data må lastast ned og analyserast lokalt.

 

Data frå lærepakka ESS EduNet

Artikkelen er publisert i NSDnytt 2/09.