NSD grafikk
screen_hr.

Skuleval

Valdeltakinga mot gamle høgder?

Av Atle Jåstad

Data frå dei siste skulevala syner at elevane er vortne meir positive til det å nytta røysteretten.

Grafikk - Politisk likesæle

I samband med skulevalet, blir det gjennomført ei spørjeundersøking på mange av dei vidaregåande skulane i landet. Elevane blir mellom anna bedne om å svara på om dei kjem til å nytta røysteretten sin i det ekte valet nokre dagar seinare. Me understrekar at dette spørsmålet berre seier noko om planlagt valåtferd, det kan godt tenkjast at elevane ter seg på ein annan måte enn det frekvensane på dette spørsmålet skulle indikera. Spørsmålet kan likevel nyttast til å seia noko om korleis dei unge stiller seg til det å nytta røysteretten. Den eine kurva i figuren viser prosentdelen av elevane med røysterett, som svarar at dei heilt sikkert vil røysta, den andre viser den reelle valdeltakinga i heile folket samla. To trekk er tydelege. For det fyrste er elevane mindre innstilte på å nytta røysteretten ved lokalvala enn ved stortingsvala. Dette mønsteret blir spegla av svingingane i den reelle valdeltakinga. For det andre ser det ut til å vera ein viss nivåskilnad mellom reell valdeltaking og planlagt valdeltaking blant dei unge. Denne skilnaden er det viktig ikkje å fokusera noko særleg på: Reell valdeltaking er noko anna enn planlagt valdeltaking, og me veit frå til dømes SSB sine valundersøkingar, at den reelle valdeltakinga blant fyrstegongsveljarane ligg godt under det tala frå skulevalundersøkinga skulle tyda på.

Figuren viser også at elevane er vortne meir positive til det å nytta røysteretten. Frå skulevalet i 2005 til 2009 (stortingsval) auka prosentdelen som svarar at dei heilt sikkert vil røysta, frå 66 til 74, og frå 2003 til 2007 (lokalval) auka prosentdelen frå 51 til 55. Kanskje er det eit teikn på at valdeltakinga er på veg mot gamle høgder?

 

Data frå www.samfunnsveven.no

Artikkelen er publisert i NSDnytt 2/09.