
Skuleval
Politisk likesæle i veljargruppene
FrP-veljarane skilde seg ut som den klart mest likesæle veljargruppa ved skulevalet i 2009.

I samband med skulevalet, blir det på mange skular gjennomført ei spørjeundersøking blant elevane. Me skal i framhaldet nytta data frå undersøkinga i 2009 til å kasta ljos over fylgjande problemstilling: Er den politiske likesæla jamt fordelt mellom veljargruppene til dei ulike partia?
Me skal nytta fire spørsmål frå undersøkinga:
- Kor interessert er du i politikk? (svært– litt–lite–ikkje interessert i det heile)
- Når du er med vener, diskuterer du då politiske saker med dei? (kvar gong–ofte– sjeldan–aldri)
- Har du skrive under på underskriftskampanjar? (ja–nei)
- Har du delteke i demonstrasjonar? (ja–nei) For kvart spørsmål identifiserer me dei likesæle ved hjelp det utheva svaralternativet over.
Ikkje interesserte i politikk
På spørsmålet om politisk interesse, ser me at FrP og V skil seg klart ut. I veljargruppa til Venstre, svarar berre 4 % at dei ikkje er interesserte i politikk, medan 13 % av veljarane til Framstegspartiet svarar på denne måten. For dei andre partia er skilnadene mindre, og nivået ligg kring 8 %.
Diskuterer ikkje politikk
FrP-veljarane svarar også i størst grad at dei aldri diskuterer politikk med vener. Trettitre % har kryssa av for dette alternativet. I veljargruppa til Venstre, er det berre 16 % som svarar at dei aldri diskuterer politikk. For dei andre veljargruppene ligg nivået ein stad mellom 22 og 26 %.
Deltek ikkje i aksjonar
Dei to siste spørsmåla tek for seg politiske handlingar, om elevane har demonstrert eller skrive under på lister. Det krev meir av den einskilde faktisk å gjera noko enn berre å uttrykkja ei haldning, så det er ikkje så uventa å sjå at delen som ikkje har delteke i nokon av desse aktivitetane, er nokså stor. Likevel er det ein tydeleg nivåskilnad mellom spørsmåla: det er vanlegare å skriva under på lister enn å delta i demonstrasjonar. På spørsmålet om deltaking i demonstrasjonar, er skilnadene små. Veljargruppa til Raudt merkjer seg ut ved at berre 58 % aldri har delteke i demonstrasjonar. For dei andre partia ligg nivået kring 80 %. Veljargruppa til Raudt skil seg også ut ved å ha den lågaste prosentdelen som aldri har skrive under på lister, 40 %, medan det i veljargruppa til FrP er 70 % som aldri har skrive under på lister.
Artikkelen er publisert i NSDnytt 2/09.


