NSD grafikk
Grafikk - deprimerte

Meir deprimerte, men godt nettverk

Av Maria Bakke Orvik

Data frå Statistisk sentralbyrå (SSB) si Levekårsundersøking blant personar med nedsett funksjonsevne 2007 (LKF) er no tilgjengelege hjå NSD. Undersøkinga har kartlagt ulike tilhøve knytt til helse, bustad, utdanning, arbeid, transport og sosiale nettverk.

Grafikk - deprimerte

Målgruppa for LKF vart identifisert gjennom ei screeningsundersøking. Dersom respondentane 1) rapporterte ein eller fleire vanskar eller sjukdommar som avgrensa kvardagen deira i stor grad eller nokon grad og/eller 2) tok imot ein eller fleire av dei sosiale støtteordningane grunneller hjelpestønad, uførepensjon eller tidsavgrensa uførepensjon, vart dei spurde om å delta i hovudundersøkinga. Respondentane var i alderen 20- 67 år.

For å kunne samanlikne levekåra blant personar med nedsett funksjonsevne med levekår til heile befolkninga, inneheld LKF ei rekkje spørsmål frå mellom anna SSB si Samordna levekårsundersøking, Arbeidskraftundersøkinga, Leigemarknadsundersøkinga, Undersøking om utgifter til helse- og sosialtenester (2000) og Livsløp, aldring og generasjon (2007–08).

Ei samanlikning av LKF og Samordna levekårsundersøking 2005 syner store ulikskapar så vel som likskapar mellom personar med varig sjukdom eller varig nedsett funksjonsevne (dvs dei som svarar bekreftande på spørsmålet ”Har du varig sykdom eller varig nedsatt funksjonsevne?” Gjeld 73 % av respondentane i LKF) og befolkninga elles.

Ulikskapen er stor på spørsmålet om ein har kjent seg nedstemt eller deprimert dei siste månadene. Her svarte heile 43 % av respondentane med varig sjukdom og/eller varig nedsett funksjonsevne bekreftande, medan 10 % av befolkninga generelt gjorde det same. Moglegvis er spørsmålsordlyden med på å auke ulikskapane: I LKF vert det spurt ”Har du i løpet av de siste 6 månedene vært plaget med. ….”, medan det i levekårsundersøkinga frå 2005 gjeld ”de siste 3 månedene”. Noko ulik spørsmålsordlyd til trass, tendensen i svara er klar.

Når det gjeld personleg nettverk skil personar med funksjonshemming seg mindre frå befolkninga elles. På spørsmålet ”Hvor mange står deg så nær at du kan regne med dem hvis du får store personlige problemer” svarer dei to gruppene nokså likt. Ein litt større prosentdel av ”folk flest” oppgir at dei har mellom tre og fem nære personar som kan hjelpe, medan fleire av dei med varig sjukdom eller nedsett funksjonsevne oppgir å ha over fem.

Levekårsundersøkelse for mottakere av grunnstønad 1995, som inneheld mange av dei same spørsmåla som i LKF, er også tilgjengeleg via NSD. Merk at respondentane her vart identifiserte kun ut frå om dei var mottakarar av grunnstønad.

NSDdata

Artikkelen er publisert i NSDnytt 4/08.