
Skuleval 2009
NSD koordinerer arbeidet med det nasjonale skulevalprosjektet på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Årets skuleval er det tolvte i rekkja, og valresultata skal publiserast den 8. september.

Læring gjennom praktisk røynsle
Skulevalet har fyrst og fremst eit pedagogisk formål. Tanken er at elevane skal få praktisk røynsle med korleis det politiske systemet verkar og med korleis samfunnsvitaren samlar inn og handsamar informasjon. På den eine sida kan dette hjelpa elevane med å nå kompetansemåla i læreplanen. På den andre sida er tanken at kunnskap kan vera med på å stimulera til deltaking i ordinære val.
Tjue år med data
Gjennom åra har det blitt samla inn mykje data som kan nyttast til å undersøkja politiske haldningar og handlingar blant dei unge i Noreg. For å gjera nytt og kanskje vanskeleg lærestoff interessant for elevane, er det effektivt å vinkla lærestoffet inn mot det eleven har eit konkret tilhøve til. Eit lurt knep vil vera å ta utgangspunkt i data samla inn frå den skulen elevane går på og samanlikna seg med andre.
Alle data som er samla inn i samband med skulevala, både valresultata og skulevalundersøkingane, er tilgjengelege frå Samfunnsveven hjå NSD.
Alt om skulevalet finn du på www.samfunnsveven.no
Artikkelen er publisert i NSDnytt 1/09.


