NSD grafikk
Grafikk - database for statistikk om høgre utdanning

Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)

Det utdannes færre allmennlærarar

Av Bjug Bøyum

Ferske tal frå NSD viser at noen utdanningsinstitusjonar får fleire studentar, mens andre får færre. I universitetssektoren syner NTNU og dei ”nye” universiteta, UMB, UiS og UiA, ei auke i studenttalet, medan dei øvrige tradisjonelle breiddeuniversiteta, UiO, UiB og UiT har ein svak nedgang, noko som heng saman med nedgang i søkartal og opptak.

Grafikk - database for statistikk om høgre utdanning

Dei største endringane finn ein innan den statlege høgskulesektoren, der Høgskolen i Bodø har størst auke, medan Høgskolen i Nord-Trøndelag har størst nedgang. Ser ein på tala for dei einskilde faga viser dei at det har blitt fleire studentar innan økonomi, realfag og helse og sosial, og færre innan humaniora og lærarutdanningar.

Færre allmennlærarar

Dei seinare åra har det særleg vore sterkt fokus på lærarutdanningane. Tiltaka som er foreslått for heving av kunnskapsnivået i skulen, er auka satsing på vidareutdanning for lærarar, meir vekt på fagutdanning og lengre studieløp. I tillegg har kvalitetsreforma opna for endringar i strukturen på lærarutdanninga, med innføring av femårige integrerte masterprogram i pedagogikk, større opning for førskulelærarar i småskulen o.a. Bryt ein ned tala på enkeltutdanningar, finn vi at det særleg er allmennlærarutdanninga som har hatt ein negativ trend. Talet på studentar i allmennlærarutdanninga har gått ned med over 3 000 frå toppåret i 2004.

Fleire førskulelærarar

Samstundes har andre grupper styrka seg. Dette gjeld særleg førskolelærarutdanninga, der m.a. barnehagereforma og utvida kompetanse for undervisning på barneskuletrinnet, både har ført til større etterspurnad etter faggruppa og til å gjere utdanninga meir attraktiv.

Tala for vidareutdanningsprogram syner at det har vore ein viss nedgang i høve til 2007, og særleg ein nedgang i høve til toppåra på byrjinga av 2000-talet. Dette står i motstrid til målsetnadane som er formulert i kunnskapsløftet for grunnskuleutdanninga.

Trenden er elles at dei tradisjonelle universiteta (UiO/UiB/NTNU/UiT) har vekst i talet på studentar i lærarutdanning, og styrker seg relativt i høve til høgskulesektoren. Før kvalitetsreforma var 11 % av lærar- og pedagogikkstudentane knytt til dei gamle universiteta. I 2008 er delen auka til 17 %.

Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)

Artikkelen er publisert i NSDnytt 4/08.