NSD grafikk
screen_hr.

Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)

Færre studentar - mindre tid til forsking

Av Bjug Bøyum

Ei vanleg innvending mot reformene i universitets- og høgskulesektoren, er at arbeidsmengda på fagleg tilsette er større som følgje av auka rettleiingskrav, endra undervisingsopplegg og fleire eksamenar.

test

Samstundes viser DBH at talet på tilsette i universitets- og høgskulesektoren har gått opp med 24 % sidan 2002. Forholdet mellom fagstillingar og andre stillingsgrupper har halde seg stabilt i sektoren over ein seksårsperiode, der ca. 60 % av årsverka er knytt til forskings-, undervisings- og formidlingsstillingar.

Ved første augekast kan det difor sjå ut som om belastninga på fagpersonell er gått noko ned. Tal på studentar pr. tilsett (målt ved årsverk i forskings-, undervisings- og formidlingsstillingar) syner ein nedgang på 14 %. Dette skuldast aleine endring i talet på studentar og tilsette på universiteta, og då særleg dei tradisjonelle breiddeuniversiteta.

Det vert likevel argumentert med at omfanget av oppgåver i samband med rettleiing og eksamensavvikling har gjort at presset på personell har auka. Både talet på avlagte eksamenar og studentpoengproduksjon har auka i perioden 2002–2007. Årsaka er både fleire studentar og oppdeling av eksamenar.

Auken i fagleg tilsette skuldast først og fremst fleire rekrutteringsstillingar (doktor- og postdoc-stipendiat). Desse har auka med 60 %, medan ordinære forskings- og undervisingsstillingar har auka med 14 % frå 2002 til 2007.

Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)

Artikkelen er publisert i NSDnytt 3/08.