NSD grafikk
screen_hr.

Levekår blant innvandrarar 2005/2006

Helse blant innvandrarar

Av Atle Jåstad

Statistisk sentralbyrå gjennomførte i perioden 2005–2006 ei undersøking av levekåra til innvandrarane i landet. Samanlikna med innvandrargrupper frå ni andre land, merkjer folk med røter i Somalia seg ut som dei friskaste.

test

Undersøkinga inneheld mange helserelaterte spørsmål, men her avgrensar me oss til seks av dei. Fyrst det generelle spørsmålet ”Korleis vurderer du di eiga helse?”, dinest har me laga eit samansett mål for den mentale helsa basert på fem spørsmål om ulike mentale plager (nervøsitet, frykt, vonløyse, tungsinn, uro). Den som ikkje er plaga av nokon av desse kjenneteikna, får verdien 0. Ein som er svært plaga av alle kjenneteikna, får verdien 15.

For å få eit inntrykk av om det finst skilnader mellom innvandrargrupper frå ulike land, reknar me ut gjennomsnittet for kvart land på det generelle spørsmålet om eiga helse og på det samansette målet for mental helse. Resultatet viser skilnader på båe variablane. Innvandrarar frå Irak og Iran skil seg ut ved å vera mest misnøgde med helsa. Samstundes merkjer den somaliske innvandrargruppa seg ut som den friskaste av dei alle.

Data frå undersøkinga kan tingast frå NSD.

Artikkelen er publisert i NSDnytt 3/08.