European Social Survey (ESS)
Ny kumulativ fil
ESS blei gjennomførd i 2002, 2004 og 2006 og no er alle undersøkingane samla i ei kumulativ fil. Det er òg laga ei interaktiv variabelliste som gjev enkel oversikt over samanliknbare data over tid. I samband med dette er data og dokumentasjon frå kvar enkelt runde oppdatert.
Lettare å auka utvalsstorleik
Den kumulative fila gjer det mellom anna lettare å auke utvalsstorleiken i situasjonar der utvalet er lite på grunn av lav svarprosent eller ved analyse av undergrupper som til dømes innvandrarar. Fila gjer det òg lettare å undersøkje utviklinga innanfor ulike emne i tidsperioden.
Ny interaktiv variabelliste
Den interaktive variabellista gjev eit raskt og systematisk overblikk over kontinuiteten i datamaterialet. Gjennom systemet dokumenterer lista heilskapen til variablane innanfor kvar runde, relasjonane mellom variablane og eventuelle omkodingar frå runde til runde. Variabelnamna har ein komplett dokumentasjon av spørsmålsformulering og instruksjonar frå hovudspørjeskjemaet, svarkategoriar, samt informasjon om eventuelle avvik.
Innhald
Fila inneheld gjentekne variablar og data frå land som har delteke i ESS fleire gonger.
Tema:
- Media og sosial tillit
- Politikk
- Trivsel og sosial eksklusjon
- Religion og identitet
- Kjønn, fødselsår og familiesamansetning
- Sosiodemografiske variablar
- Verdivariablar
- Administrative variablar og regionsvariablar
Land:
- Austerrike, Belgia, Danmark, Finland, Frankrike, Tyskland, Ungarn, Irland, Nederland, Noreg, Polen, Portugal, Slovenia, Spania, Sverige, Sveits og Storbritannia (ESS1, ESS2 og ESS3)
- Hellas, Italia, Luxemburg og Tsjekkia (ESS1 og ESS2)
- Estland, Ukraina og Slovakia (ESS2 og ESS3)
Artikkelen er publisert i NSDnytt 3/08.


