NSD grafikk
screen_hr.

ESS EduNet

Ny modul om familie, kjønn og arbeid

Av Atle Jåstad

ESS EduNet er ein lærenettstad utvikla for bruk i høgare utdanning. Nytt på nettstaden er undervisingsopplegget ”Family, Gender and Work”.

test

Så langt finst det fire arbeidsopplegg på ESS EduNet: Eit handlar om ulike verdiorienteringar, eit om sosial og politisk tillit, eit om regresjon, og det siste, og nyaste, tek for seg tema knytt til kjønnsroller og konflikten mellom arbeidsaktivitet og familieliv. Sistnemnde opplegg er skrive av professor Noah Lewin-Epstein og fyrsteamanuens Haya Stier frå Tel Aviv Universitet.

ESS EduNet siktar mot å gjera vegen frå teori til empiri så kort som råd. Arbeidsopplegga handsamar ulike teoretiske eller metodiske problem, og desse problema blir utforska med data frå dei ulike rundane av European Social Survey (ESS). Data kan utforskast og analyserast direkte i nettlesaren, men arbeidsopplegga skildrar også meir kompliserte prosedyrar som inneber at data må lastast ned og analyserast lokalt.

ESS EduNet

Artikkelen er publisert i NSDnytt 2/08.