NSD grafikk
screen_hr.

Samfunnsveven

Alle skulevalresultata på nett

Av Atle Jåstad

Samfunnsveven er utvikla for å vera ein læringsressurs i samband med skulevala. Skulevalprosjekta er administrert og finansiert gjennom Utdanningsdirektoratet.

test

Ei ny teneste er lagt til i sortimentet av dataressursar på Samfunnsveven: Databasen med alle skulevalresultata sidan 1989 er no tilgjengeleg for uttak over Internett. Den nye tenesta aukar fleksibiliteten, og gjer det vesentleg enklare for brukarane å finna fram til dei resultatoversyna dei alltid har ynskt seg.

Samfunnsveven inneheld mange ulike dataressursar, slik som spørjeundersøkingar og informasjon om parti og politikarar. Ressursane kan utforskast direkte i nettlesaren, og det er såleis enkelt å nytta tenesta i undervisinga. Nettstaden inneheld også arbeidsopplegg som instruerer elevane og lærarane i høve til korleis dataressursane kan utforskast. Den pedagogiske ideen er å gje elevane kunnskap og innsikt gjennom sjølvstendig arbeid med kjelder som skildrar det samfunnet dei lever i.

www.samfunnsveven.no

Artikkelen er publisert i NSDnytt 2/08.