NSD grafikk
screen_hr.

NSDs Kontantstøttedatabase

Stadig færre mottar kontantstøtte

Av Trond Pedersen

Det har vore monaleg nedgang i kontantstøtta sidan starten. Tala viser at det er nærare 40 prosent færre som mottek kontantstøtte i dag. Vi har sett nærare på eit par sentrale trekk ved statistikken på aggregert nivå.

test

Talet på kontantstøttemottakarar gjekk ned i perioden 2000-2007 frå om lag 88 000 til 54 000. Utviklinga var den same i alle fylka. Dette må sjåast i samanheng med den omfattande barnehageutbygginga dei siste åra. Den relative nedgongen i Oslo var likevel ikkje så sterk som i dei andre fylka. Dette kan forklarast med at det i hovudstaden var ein merkbar auke i talet på eitt- og toåringar i same periode, noko som fører til at ein del lyt ta til takke med kontantstøtte framfor barnehageplass, sjølv om utbygginga er komen langt også her. Bortsett frå Akershus var det i resten av fylka ein reduksjon i talet på eitt- og toåringar.

Figuren viser at delen barn som det vert utbetalt kontantstøtte for er gått ned. I 2000 var denne for heile landet så mykje som 76 prosent (av alle eitt- og toåringar), medan han i 2007 var redusert til 48 prosent. Dette vil seia at omlag halvparten av eitt- og toåringane i landet ikkje hadde fulltidsplass i barnehage i fjor. Ser ein på dei fylkesvise tala, finn ein noko variasjon. Medan Oppland og Agder-fylka ligg på topp med i overkant av 60 prosent, ligg Akershus og dei to nordlegaste fylka nedst med i underkant av 40 prosent.

NSDs Kontantstøttedatabase

Artikkelen er publisert i NSDnytt 2/08.