NSD grafikk
screen_hr.

Nytt datatilbud

NSDs Kontantstøttedatabase

Av Arild Mellesdal

Arbeids- og velferdsdirektoratet (NAV) har no stilt kontantstøtteregisteret til disposisjon for forskingsføremål via NSD. Med denne mikrodatakjelda har forskarar og studentar fått eit viktig verkty for å analysera aspekt ved denne statlege kontantytinga.

NSD har lenge ynskt å kunna yta betre datatenester av norske mikrodata til forskinga. Stor velvilje frå NAV har resultert i at NSD no har etablert ei datateneste om kontantstøtteordninga. Datatenesta er finansiert og gjort mogleg gjennom Velferdsprogrammet til Noregs forskingsråd. Datatenesta er gratis for forskarar og studentar.

Kontantstøtteordninga

Kontantstøtte er ei universell kontantyting som vert gjeve til foreldre til barn mellom eitt og tre år og adoptivbarn som ikkje har byrja på skulen. Kontantstøtte vert berre gjeve til foreldre til barn som ikkje, eller berre delvis, nyttar barnehage med statleg driftstilskot, og ytinga vert utbetalt for maksimalt 23 månader.

Datakjelder

Datagrunnlaget for NSDs Kontantstøttedatabase er frå NAV sitt administrative register. For å kontrollera om mottakarar av kontantstøtte nyttar barnehagar med statleg driftstilskot er norske kommunar pliktige til å føra register til bruk for trygdekontora. Registeret for barnehagane kan samkjørast mot trygdekontoret sitt register over mottakarar av kontantstøtte for kontroll av utrekning og utbetaling av kontantstøtta. NSDs Kontantstøttedatabase inneheld opplysningar frå begge registra. Datagrunnlaget er avgrensa og omfattar data om ytingsmottakar, barn i ordninga, utbetalingar og vedtak.

Datatenester og tilrettelegging

NSD har etablert ei datateneste for uttak, tilrettelegging og utlevering av data. Tenesta vil kunna vera hjelpsam med å levere data til kopling med andre datakjelder, henta data frå andre kjelder, gjera koplingar og medverka til innhenting av naudsynlege løyver og konsesjonar. NSD tilrettelegg datamaterialet for statistiske analysar etter forskaren sine ynskjer. Dokumentasjonssystemet for Velferdsdata kan nyttast for å få nærare informasjon om datagrunnlaget, variabeltilfanget og for å generera filer til bruk ved søknadar om data frå Kontantstøttedatabasen.

Personvern

Opplysingane i registeret er i utgangspunktet personidentifiserande. NSD leverer ut anonymiserte datafiler, men kan etter søknad også levera avidentifiserte data. I desse tilfella skal prosjektet leggjast fram for registereigaren NAV, og forskingsprosjektet kan vera melde-/konsesjonspliktig. Søknad om tilgang sendast NSD.

NSDs Kontantstøttedatabase

Artikkelen er publisert i NSDnytt 2/08.