NSD grafikk
screen_hr.

Verdiundersøkelsen 2007

Familieverdiar og moral i endring

Av Maria Bakke Orvik

Verdiundersøkelsen 2007 er no tilgjengeleg gjennom NSD. Verdiundersøkingane har blitt gjennomført fire gongar i Noreg og er del av dei omfattande internasjonale forskingsprosjekta European Values Study/World Values Survey som starta 1981. Undersøkinga viser mellom anna at støtta til kjernefamilien framleis er høg, trass i ein viss tilbakegang dei siste 10 åra.

test

Prosjekta tek for seg folk sine verdiar, haldningar og meiningar på viktige område av livet – familie, kjønnsroller, religion, moral, arbeid og politikk. 2007-undersøkinga inneheld nye spørsmål om etnisk mangfald, vitskap og teknologi, bistand, menneskerettar og miljø. Verdiundersøkingane har no gode tidsseriar, og vi skal sjå nærare på nokre som gjeld Noreg.

Familieverdiar i endring

Nordmenn sitt syn på familie og ekteskap har endra seg ein god del i løpet av denne 25-årsperioden. Då undersøkinga vart gjennomført i Noreg for første gong i 1982, var det 78 % som meinte at barn treng ein heim med både mor og far for å få ein lukkeleg oppvekst. På nittitalet meinte 85 % dette, medan talet i 2007 gjekk ned til 65 %. Resultata viser at menn har eit noko meir tradisjonelt syn på dette enn kvinner.

Ein liknande tendens, om enn ikkje like sterk, ser vi når folk blir spurde om dei ville like eller mislike om ei kvinne vil ha eit barn som ho ønskjer å forsørgje åleine. Størst endring har det vore dei siste åra. I 1996 var det over halvparten som mislikte dette, medan det elleve år seinare er under ein tredjedel som meiner det same. I dette spørsmålet er det små skilnader mellom kjønna, men det er tydeleg at haldningane har endra seg minst hjå dei eldste.

Endringar i andre familieverdiar til trass, ekteskapet som institusjon står framleis sterkt blant nordmenn – berre 17 % ser det som ein umoderne institusjon i 2007.

Personleg moral og samfunnsmoral – endring i ulik hastighet

Nordmenn sin moral er i endring – særleg den personlege. På ein skala frå 1 - ”kan aldri rettferdiggjøres” til 10 - ”kan alltid rettferdiggjøres” har folk svart på spørsmål om personleg moral og samfunnsmoral. Her har vi rekna ut eit gjennomsnitt for korleis folk har svart. I løpet av desse 25 åra har haldningane gjennomgåande blitt meir liberale, både når det gjeld synet på homoseksualitet, prostitusjon, abort, skilsmisse, dødshjelp og sjølvmord. I samfunnsmoralske spørsmål har norske haldningar i mindre grad endra seg.

Professor Ola Listhaug, NTNU, er prosjektleder for verdiundersøkelsene i Norge. Statistisk sentralbyrå har stått for gjennomføringa av undersøkinga.

Detaljert dokumentasjon for undersøkelsen finnes på NSDdata.

Artikkelen er publisert i NSDnytt 2/08.