European Social Survey

Kartlegging av internasjonale kontekstdata

Av Tore Rydland

NSD kartlegg i ein ny rapport tilgangen til komparative kontekstdata på regionalt og nasjonalt nivå i Europa. Rapporten er utarbeida i samband med European Social Survey (ESS).

klikk for PDF

Føremålet med rapporten er å gi eit oversyn over dei viktigaste kjeldene for internasjonale kontekstdata og å undersøkje i kva grad dei eignar seg for samanlikning på tvers av land og regionar. Den første delen av rapporten undersøkjer ulike problem knytte til datakvalitet og komparabilitet. Gjennom ein diskusjon av utvalde statistikkområde, viser rapporten at det kan vere problematisk å samanlikne på tvers av land, sjølv når ein brukar standardiserte indikatorar, som t.d. bruttonasjonalprodukt og arbeidsløyseprosent.

Den andre delen av rapporten tek føre seg 50 ulike kjelder for aggregert statistikk, og gir informasjon om mellom anna datatilfang, kva for land og tidsrom kjeldene dekkjer, og korleis ein kan få tilgang til data. I tillegg til kjende og etablerte statistikkjelder som Eurostat, OECD og Verdsbanken, omfattar rapporten også datasett samla av mindre forskingsprosjekt og ikkje-statlege organisasjonar som Transparency International og Freedom House.

Bakgrunnen for rapporten er den auka interessa i forskingsmiljøa for å kombinere individdata og kontekstdata, til dømes gjennom fleirnivåanalysar. Individdata frå ESS gjer det no mogeleg å gjennomføre slike analysar for ei rekkje europeiske land, men mangelfull tilgang til komparative kontekstdata er eit problem for mange forskarar. NSD har derfor utarbeida rapporten for å gjere det lettare for brukarar av ESS-data å finne fram til relevant aggregert statistikk. Eit sentralt siktemål med rapporten er også å gjere forskarar merksame på uvissa knytt til bruken av kontekstdata i samanliknande undersøkingar.

Last ned rapporten i PDF-format.

Artikkelen er publisert i NSDnytt 1/08.