ESS EduNet

Utvida undervisingstilbod

Av Atle Jåstad

ESS EduNet er ein lærenettstad utvikla for bruk i høgare utdanning. Nytt på nettstaden er eit undervisingsopplegg om lineær regresjon.

open ESS EduNet

ESS EduNet siktar mot å gjera vegen frå teori til empiri så kort som råd. Arbeidsopplegga handsamar ulike teoretiske eller metodiske problem, og desse problema blir utforska med data frå dei ulike rundane av ESS. Data kan utforskast og analyserast direkte i nettlesaren, men arbeidsopplegga skildrar også meir kompliserte prosedyrar som inneber at data må lastast ned og analyserast lokalt. Så langt finst det tre arbeidsopplegg på ESS EduNet: Eit handlar om ulike verdiorienteringar, eit om sosial og politisk tillit, og det siste, og nyaste, tek for seg lineære regresjonsteknikkar. I nær framtid vil det bli lagt til eit opplegg med tittelen ”Familie, kjønn og arbeid”.

ESS EduNet finn du her.

Artikkelen er publisert i NSDnytt 1/08.