NSD grafikk
screen_hr.

Skulevalundersøkinga

Er innvandrarungdom internasjonale sosialistar?

Av Atle Jåstad

test

Ikkje fordi dei høyrer til organisasjonen IS, men fordi dei sympatiserer med sosialistiske parti, og fordi dei er mest opptekne av internasjonale spørsmål.

Skulevalundersøkinga 2007 inneheld eit nytt bakgrunnsspørsmål: Har du innvandrarbakgrunn? Målet med spørsmålet er å få fram variasjon i den subjektive kulturelle identiteten til skuleelevar i Noreg. Variabelen identifiserer tre grupper. Skilnadene mellom gruppene er ikkje like store for alle variablar, men for partipreferanse og vektlegging av type politisk spørsmål, er variasjonen tydeleg.

Hovudmønsteret for partipreferanse er at elevane med bakgrunn frå eit ikkje-vestleg land i større grad røysta på sosialistiske parti. Elevane utan bakgrunn frå eit anna land enn Noreg, gav i størst grad røystene sine til Høgre og Framstegspartiet.

Mønsteret er minst like tydeleg på spørsmålet ”Er du mest oppteken av internasjonale, nasjonale eller lokale politiske spørsmål?” Elevane med ein ikkje-vestleg bakgrunn er mest opptekne av internasjonale spørsmål, elevane med bakgrunn frå eit anna land i vesten legg størst vekt på nasjonale spørsmål, medan elevane utan bakgrunn frå eit anna land enn Noreg er mest opptekne av lokale politiske spørsmål.

Datakjelde: Skolevalg 2007

Artikkelen er publisert i NSDnytt 4/07.