Evaluering av NAV-reforma

Av Arild Mellesdal

NAV (Arbeids- og velferdsetaten) vart etablert 1. juli 2006. Den nye etaten skal vera fullt utbygd i 2010. Ved denne store forvaltingsreforma vart Aetat og Trygdeetaten slegne saman for å få fleire folk i arbeid og aktivitet og færre på stønad.

NAV-reforma er både ei monaleg reorganisering av forvaltinga og ei sosialpolitisk reform. Det ambisiøse målet er å gjera det enklare for brukarane ved å tilpassa forvaltinga til deira behov, samt å få ei heilskapleg og effektiv arbeids- og velferdsforvaltning. I samarbeid med sosialtenesta skal det opprettast eit NAV-kontor i kvar kommune.

Noregs forskingsråd set no i gang ei evaluering av NAV-reforma. Evalueringa skal gje svar på om reforma når dei overordna måla. Evalueringa skal gje ei systematisk oversikt over kva som blir gjort i planleggings- og gjennomføringsfasen av ulike aktørar. I tillegg skal ho sjå nærare på erfaringar og læring undervegs, gje innsikt i organisatorisk integrasjon og ei langsiktig kunnskapsutvikling. Korleis reforma slår ut for dei tilsette i NAV, og ikkje minst for brukarane av den nye velferdsetaten, vert også eit viktig moment i evalueringa.

Prosjektleiaransvaret er lagd til Rokkansenteret ved UNIFOB/UiB, mens evalueringa vert gjennomført av eit breitt utval av norske forskingsinstitusjonar som er ansvarlege for fleire ulike forskingsmodular.

NAV-evalueringa vil produsera store og verdifulle datamengder. Det er viktig at alle data som blir produserte – både av kvalitativ og kvantitativ karakter – vert samla, dokumenterte og handsama på ein slik måte at dei får høg vitskapleg kvalitet. Det er også viktig at data etter rimeleg kort tid vert tilgjengelege for ulike delar av evalueringsprosjektet, og at så mykje som mogleg av datamaterialet på lang sikt vert tilgjengeleg for heile forskarsamfunnet. Slik arkivering vil vera avgjerande for seinare analysar og evalueringer av den norske arbeids- og velferdsforvaltinga.

NSD skal tilrettelegga, systematisera, vedlikehalda og gjera data frå evalueringa tilgjengelege for prosjektet og for norsk forsking generelt.

Artikkelen er publisert i NSDnytt 4/07.