NSD grafikk
screen_hr.

NSDs Kirkedatabase

Riter i endring

Av Kyrre Moe

Det vert somme tider hevda at kyrkja si symbolske makt held stand i ei stadig meir sekularisert verd. Ved bruk av data frå Kyrkjedatabasen kan vi operasjonalisera riter gjennom talet på døypte, unge som har deltatt på konfirmasjonsgudsteneste, kyrkjelege giftarmål og kyrkjelege gravferder. Kyrkjedatabasen dekker no perioden 1998–2006, og vi er i stadig større grad i stand til å sjå tendensar over tid.

test

Av figuren går det fram at talet på konfirmerte har ein årleg lineær progresjon gjennom siste del av tidsserien. Konfirmasjon er riten som held seg best av dei variablane vi har plukka ut her. Talet på døypte syner ein tilbakegang på i overkant av 10 %, medan kyrkjelege ekteskap har ein topp rundt år 2000, men er i generell tilbakegong (ca 27 % for heile perioden). Talet på kyrkjelege gravferder har gått jamt nedover i perioden.

Variasjon mellom bispedøma

Oslo er ofte trendsetjar for resten av landet, og tendensen er her dels den same. Skilnaden er at talet på døypte er relativt stabile, med ein auke frå 2003. Talet på unge som er med i konfirmasjonsgudsteneste har auka med om lag 22 %, medan kyrkjelege ekteskap og gravferder går ned.

Tendensane i Bjørgvin, Møre og Nord-Hålogaland bispedøme er dels dei same som for landet. Både Møre og Nord–Hålogaland har ein nokså sterk nedgang i tala for ekteskap. Samstundes er det framgong i dei tre bispedøma når det gjeld konfirmantar. Talet på døypte er om lag den same for Bjørgvin som for resten av landet (relativt), men går mykje tilbake samanlikna med Oslo (truleg grunna ulikt utgangspunkt).

Eit meir robust mål for denne type undersøkingar ville vore å standardisere måla. Det kan her gjerast på fleire måtar, t.d. ved å:

Slike demografiske tal ligg ikkje føre i Kyrkjedatabasen. Difor er ikkje slike standardiseringar teke med her. Tala som vert nytta vil likevel vera brukbare mål for grove tendensar i tid og rom.

Samla syner tala frå 1998–2006 ein tendens til at tre av fire mål for kyrkja si rituelle makt er på vikande front ved at dei absolutte tala går ned. Konfirmasjonstala er derimot aukande for landet som heile. For Oslo bispedøme ser ein same tendens som for landet. Men her er talet for døypte berre svakt nedadgåande.

Tala i Kyrkjedatabasen ligg til rette for samanlikning over tid og i rom. Den kyrkjelege inndelinga er hierarkisk og einingane er enkle å følgja på ulike nivå både i rom og over år. På NSD sine vevsider er det også utarbeida dataoversikter som legg opp til å følgja den administrative inndelinga (kommune–fylke). Slik er ein i stand til å samanlikna kommunar, der potensialet for datafangst er mykje større.

Datakilde: NSDs Kyrkjedatabase

Artikkelen er publisert i NSDnytt 4/07.