NSD grafikk
screen_hr.

European Social Survey

Nordmenn vil arbeide lengst

Av Gyrid Havåg Bergseth

Medan andre europearar meiner at 59 år er den ideelle alder for å gå av med pensjon, vil den gjennomsnittlege nordmann arbeide fem år lenger og seier at 64 år er den mest passande pensjonsalderen.

test

NSD publiserte i haust data frå den tredje runden av European Social Survey. Talet på deltakarland har i denne runden auka til 25. Bulgaria, Kypros, Latvia, Romania og Russland deltek for fyrste gong. Så mange som 20 land kom med i det fyrste datasleppet, og data frå desse landa ligg fritt tilgjengeleg på nettstaden. Runde tre består av fire hovudmodular og to roterande modular med temaet ”livsløp” og ”personleg og sosial trivsel”. Livsløpsmodulen inneheld spørsmål om mellom anna tidspunkt for viktige livshendingar, haldningar til ideell alder, yngste alder og eldste alder for livshendingar og planlegging av pensjonering. I modulen om personlig og sosial trivsel vert det mellom anna spurt om hjelp gitt til andre, kjensler den siste veka, og kor nøgd ein er med liv og arbeid.

Ser vi på data frå livsløpsmodulen, vert det mellom anna tydeleg at medan andre europearar meiner at 59 år er den ideelle alder for å gå av med pensjon, vil den gjennomsnittlege nordmann arbeide fem år lenger, og seier at 64 år er den mest passande pensjonsalderen. Undersøkinga syner óg at europearar meiner dei i sterkare grad vil reagere negativt enn vi nordmenn trur vi vil gjere, dersom folk held fram å arbeide etter fylte 70 år.

Arild Aakvik, førsteamanuensis ved Institutt for økonomi ved Universitetet i Bergen, viser til den relativt dyre og omfattande norske velferdsstaten som ein av grunnane til at nordmenn vil arbeide lenger enn andre europearar.

- Det er stor oppslutning kring velferdsstaten, og det kan sjå ut som om nordmenn innser at å oppretthalde det pensjonsnivået vi har i dag, krev at vi står lengst mogeleg i jobb, seier Aakvik.

- Det kan óg vere at ansvar i storfamilien gjer at ein lågare pensjonsalder vert sett på som meir naudsynt i resten av Europa enn i Noreg. Aakvik peikar også på at det ut frå desse tala er vanskeleg å seie noko om i kva grad nordmenn meiner den reelle pensjonsalderen, som no er under 60 år i Noreg, er for lav eller om den formelle pensjonsalderen på 67 år er for høg.

Ut frå undersøkinga kan ein óg sjå at sjølv om europearar og nordmenn sparar omtrent like mykje til pensjon og er omtrent einige i kva rolle det offentlege skal ha for å sikre pensjonisttilværet, er europearar i mykje større grad uroa for korleis økonomien vil verte som pensjonist. Europearar er også i større grad uroa for om dei vil kunne gå av med pensjon når dei sjølv ynskjer.

Datakilde: European Social Survey

Artikkelen er publisert i NSDnytt 4/07.