Nytt frå International Social Survey Programme

Av Knut Kalgraff Skjåk

The International Social Survey Programme (ISSP) er ein verdsomspennande organisasjon med medlemmer i fem verdsdelar. Medlemmene gjennomfører kvart år ei intervjuundersøking om eit sentralt samfunnsvitskapleg emne, med hovudvekt på haldningar og verdiar. Temadelen inneheld 60 spørsmål. I tillegg blir det tilrettelagt 34 harmoniserte bakgrunnsvariablar i kvart datasett.

På årsmøtet i Taipei i vår vart spørjeskjemaet til Religion 2008 ferdigstilt. Religion var også tema for ISSP sine undersøkingar i 1991 og 1998. Vidare diskuterte møtet innhaldet i undersøkinga i 2009, som er Social Inequality IV (tidlegare gjennomført i 1987, 1992 og 1999). I 2010 vil ISSP gjennomføre Environment III (også gjennomført i 1993 og 2000).

Kina og Italia vart tekne opp som nye medlemmer, og ISSP dekkjer dermed 43 land. 25 av medlemmene er land i Europa, men størst interesse for medlemskap i organisasjonen kjem nå frå Sør-Amerika.

Per april 2007 inneheldt ISSP sin bibliografi 2 880 publikasjonar. Av desse er 1 731 bøker, bokartiklar eller artiklar i journalar. ISSP er overlegent den mest brukte internasjonale intervjuundersøkinga, spesielt blant dei som også dekkjer andre delar av verda enn Europa.

ISSPs nettsider: www.issp.org

Artikkelen er publisert i NSDnytt 3/07.