NSD grafikk
screen_hr.

ISSP 2006

Haldningar til det offentlege

Av Knut Kalgraff Skjåk

I 2006 gjennomførte NSD spørjeundersøkinga ”Haldningar til offentlege styresmakter og offentleg verksemd” blant eit representativt utval av den norske befolkninga. Undersøkinga er den norske delen av the International Social Survey Programme (ISSP) sin modul dette året, Role of Government. ISSP har gjennomført denne modulen fire gonger, i 1985, 1990, 1996 og 2006, medan NSD har vore med på dei tre siste. Vi reknar med at nær 40 land har gjennomført 2006-undersøkinga.

test

Hovudtema i det internasjonale spørjeskjemaet er:

I tillegg vart det i det norske skjemaet lagt til spørsmål frå norske forskarar om

Datainnsamlinga vart gjennomført som postenquête av TNS Gallup. Norske data er stilt til fri disposisjon for forskarar og studentar, og kan tingast frå NSD eller bli lasta direkte ned frå www.nsd.uib.no/nsddata. Her finner du også norske data frå 1990 og 1996, medan internasjonale data frå 1985, 1990 og 1996 er tilgjengelege frå www.issp.org. Internasjonale data frå 2006-undersøkinga vil bli publiserte sommaren 2008.

Stabile haldningar

Det viser seg at haldningar til sivile og politiske rettar har vore svært stabile i Noreg sidan undersøkinga vart gjennomført første gong, sjølv om det er målt enkelte svingingar. I figuren er det vist døme på dette. På midten av 1990-talet var det ein liten nedgang i folk sin aksept av offentlege møte og protestar, men dette har snudd igjen i 2006. I den siste undersøkinga ser vi at det har vore ei markert endring i folk sine haldningar til det å, av eige samvet, ikkje alltid vere lovlydige. Eit resultat av at folk kjenner seg mindre trygge enn for ti år sidan?

Datakilde: International Social Survey Programme (ISSP)

Artikkelen er publisert i NSDnytt 3/07.