
Val 2007
Folket røysta for hjarta og hjerne

I samband med skulevalet, vart det gjennomført ei valundersøking blant elevane. Samstundes vart nokre av dei same spørsmåla stilt til eit representativt utval av det norske folk. Det opnar for samanlikning. I båe undersøkingane vart respondentane spurde om kor viktige ei rad ulike saker var for valet av parti. Ved å plukka ut prosentdelen som svarte at saksområdet var ”svært viktig”, får me eit inntrykk av kva saker som stod sentralt i dei to gruppene.
For elevane var skule og miljø dei to viktigaste sakene for val av parti. Blant elevane svarte 52 % at skule- og utdanningspolitikk var svært viktig, medan miljøvernspørsmål var svært viktig for 43 % av dei.
I folket var skule og helse dei to viktigaste sakene for val av parti. Av folket svarte 60 % at skulepolitikk var svært viktig, medan helse var svært viktig for 57 %.
Dei to gruppene skil seg frå kvarandre i fleire av spørsmåla, men særleg stor er skilnaden med omsyn til helse- og sosialpolitiske spørsmål.
Datakilde: www.samfunnsveven.no
Artikkelen er publisert i NSDnytt 3/07.


