NSD grafikk
screen_hr.

Skuleval 2007

Kva seier skulevalresultatet om det ordinære valet?

Av Atle Jåstad

test

Basert på røynslene sidan 1989, kan me seia to ting om valåtferda til elevane:

1. Somme parti er meir populære blant ungdomane. Til dømes har SV og FrP stort sett gjort det betre i skulevala enn i dei ordinære vala.

2. Endringane frå eitt val til det neste er større ved skulevala enn det ein ser i dei ordinære vala, men retninga er i stor grad samanfallande.

Dersom me ser resultatet frå årets skuleval opp mot fylkestingsvalet, får me i stor grad stadfesta punkt 1 og 2 over. I Figur 1 tyder positiv verdi at partiet fekk størst oppslutning i fylkestingsvalet, medan negativ verdi indikerer at partiet gjorde det nivåmessig betre blant elevane.

Dei tradisjonelle og gamle partia, DNA, SP, KrF, V og H, gjorde det såleis betre blant dei vaksne enn blant ungdomane. Særleg Arbeidarpartiet gjorde det godt i folket samla. På tilsvarande måte gjorde SV, FrP og RV det betre blant elevane.

Ved å undersøkja endringar frå 2003 til 2007, kan me få eit inntrykk av om mønsteret er som det plar: Er det slik at retninga er samanfallande, men at utslaga er større i skulevalet? Figur 2 stadfestar at endringane i elevmassen er større enn den i folket samla. For Arbeidarpartiet er framgangen større, og for SV er tilbakegangen meir alvorleg. For SP og KrF finst det berre små skilnader. Særleg interessant er det å merkja seg at FrP går tilbake blant elevane og fram i folket. Dette bryt med det vanlege mønsteret.

Dersom ein like etter skulevalet hadde blitt beden om å tippa resultatet for SV i fylkestingsvalet, kva ville då ha vore det mest nærliggjande talet å tenkja på? Ut frå Figur 3 ser me at SV alltid har gjort det nivåmessig betre blant skuleelevane. Samstundes ser me at endringane frå eitt val til det neste er meir ekstreme ved skulevala. Det mest naturlege ville difor ha vore å halda fram med lina frå 2005 til 2007 om lag i same retning som nedgangen frå 2003 til 2005. Då ville ein ha enda svært nær 5,5 %. Når me veit at fasiten er 6,5 % (6,1 % i kommunevalet), og ei meiningsmåling gjennomført 6. september 2007 gav SV ei oppslutning på 8,9 % (TNS Gallup), skulle politiske kommentatorar ved neste val veta å nytta seg av skulevalet i spådomane sine.

Datakilde: www.samfunnsveven.no

Artikkelen er publisert i NSDnytt 3/07.