NSD grafikk
screen_hr.

ISSP 2008

Undersøking om religion

grafikk

NSD inviterer norske forskarar til å delta i utforminga av spørsmål i ein postenquête om religion våren 2008. Undersøkinga blir gjennomført i regi av the International Social Survey Programme (ISSP) i over 40 land. Undersøkinga vart også gjennomført internasjonalt og i Norge i 1991 og 1998.

I Norge vil spørjeskjemaet innehalde ein norsk tilleggsmodul. Norske forskarar som er interesserte i å delta med eigne spørsmål i tilleggsmodulen er velkomne til å sende inn forslag. Søknadsfrist er 12. oktober 2007. Nærare informasjon om undersøkinga og søknadsprosedyrar er tilgjengeleg frå NSD sine nettsider.

LINK: ISSPs nettsider

Artikkelen er publisert i NSDnytt 2/07.