NSD grafikk
screen_hr.
NSD grafikk
screen_hr.
NSD grafikk
screen_hr.

Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)

Studentar tek fleire studiepoeng enn før

Av Bjug Bøyum

Studentgjennomstrømming er eit tilbakevendande tema i analyser av høgre utdanning. Tal frå DBH syner at justerte reknemetoder gjev eit høgre estimat på studieeffektivitet enn det som vanlegvis blir nytta i publisert statistikk.

I 1998 viste tal frå DBH at studentane ved universiteta tok eksamenar tilsvarande 57 % av forventa aktivitet målt ut frå studiepoeng pr. student, medan 13 % av eksamenane sto til strykkarakter. I 2006 var tala 79 % og 8 %. Tala frå 1998 var alarmerande, og oppfattingar om behov for effektivisering av studiestrukturen var eit av utgangspunkta for etableringa av Mjøsutvalet, som la grunnen for kvalitetsreforma i høgre utdanning.

Kvalitetsreforma vart i verksett i 2003, evaluert under gjennomføringa og sluttrapporten vart publisert vinteren 2007. Evalueringa baserte seg på eigeninnsamla tal frå 2004 og 2005, og synte m.a. at studentane ikkje brukte meir tid på studia, men at dei tok noko fleire eksamenar enn tidlegare.

test

Tala som er refererte i evalueringa, gjev eit forsiktig estimat på studiepoengproduksjon. Evalueringsrapportane tek vidare ikkje opp skilnader mellom gjennomstrømming på ulike studienivå. Dette er ein viktig mangel, fordi det er stor skilnad på studentar på profesjons-, bachelor- og masternivå.

Mål på effektivitet i studia

Tidlegare evalueringsrapportar viser målemetodar som ikkje tek omsyn til eigenskapar ved sjølve studiet. Dette gjer DBH i sine målingar, og tala er meir oppløftande for kvalitetsreforma.

DBH har etter kvart fleire indikatorar på effektivitet og studiekvalitet: karakterar og strykprosent, fullføring i forhold til oppsett studieplan, fullførte studieprogram og kandidattal som kan stillast saman med tal på studentar på normert starttid, samt fullføringsgrad for utvalde profesjonsstudium.

test

Studiepoengproduksjon per student er likevel det mest tenlege målet på effektivitet, både fordi det finnast lange tidsrekker og fordi det er eit relativt robust og enkelt mål. Indikatoren er basert på forholdet mellom oppnådde studiepoeng og tal på studentar. Eit års studium er normert til 60 studiepoeng, og dette representerer idealtalet (100% av forventa aktivitet) for studiepoengproduksjon.

Dei seinare åra har det vore vanleg å rekne produksjon i forhold til totalt tal på studentar i haustsemesteret. I DBH oppgjev institusjonane eit brøktal på alle studia, som uttrykker kor stor del av fulltid eit studium er rekna for å vere. Studentane kan ta fleire eller færre eksamenar enn studiet er normert til, og dette kan nyttast til å vekte studenttalet slik at deltidsstudier ikkje tel like mykje som fulltidsstudier.

test

Justering i forhold til forventa studieinnsats kallast ”heiltidsekvivalentar”. Med ein justert målemetode finn vi at kvar student i 2006 tok 47 studiepoeng – 79 % av forventa produksjon, mot 42 med den tradisjonelle målemetoden (70 % av forventa). I tala er gjentakseksamenar (eksamenar tatt for å forbetre karakteren) tatt bort. Reknar vi også desse med, er gjennomsnittstalet 82 % av forventa eksamensproduksjon.

Vidare syner tala at eksamensproduksjonen har auka med 15 % sidan 2000 målt ut frå heiltidsekvivalentar, medan auken ut frå den tradisjonelle målemetoden er på 8 %. Sidan året før kvalitetsreforma (2002) har produksjon per student auka med 7 % målt ut frå heiltidsekvivalentar.

Universiteta aukar mest

Fleire faktorar bidreg til varians i studiepoengproduksjon. Det er stor skilnad mellom ulike typar institusjonar i nivå og dels i utvikling. Evalueringa av kvalitetsreforma peika på at universiteta opplevde ei minking i studiefråfall og auke i eksamensproduksjon. Auken i eksamensproduksjon for universiteta er på 14 % mellom 2002 og 2006, medan auken for statlege høgskular var på 4 %. Vitskapelege og private høgskular har faktisk opplevd ein nedgang i eksamensproduksjonen, på høvesvis 5 % og 2 % sidan 2002.

Kvalitetsreforma innebar ei omlegging av gradsstrukturen i sektoren, med innførsle av treårig bachelorgrad og toårig master. Masterstudiet skal normalt omfatte eksamenar og avhandling av eit års omfang kvar. Medan mykje av fokus i den pedagogiske dimensjonen av reforma truleg har fokusert på lågaregradsstudentar, er det særleg på høgare grad at det har vore problem med gjennomstrømminga. Eksamensproduksjonen for studentar på høgre grad i 2006 er på 61 % av forventa, mot 81 % for lågare grad. Auken i studiepoengproduksjon er likevel noko større for høgaregradsstudentar, med 11 % sidan 2002, mot 8 % for lågaregradsstudentar. Profesjonsstudier (medisin, odontologi o.l.) skil seg ut ved å ha ein langt høgare produksjon enn andre – 56 studiepoeng per student. Noko overraskande er det også denne kategorien som har størst auke, med 13 %. Dette kan skuldast at enkelte studium har gått over frå å vere profesjons- til høgaregradsstudium (”integrert master”).

Datakilde: dbh.nsd.uib.no

Artikkelen er publisert i NSDnytt 2/07.