NSD grafikk
screen_hr.

Val 2007

Røynde kandidatar dominerer?

Av Atle Jåstad

test

Skulevalprosjektet har som eitt av sine mål å auka den politiske kompetansen og interessa blant ungdom. Tanken er at dersom ungdomen til dømes veit korleis ein kan påverka rekkjefylgja på listene, og dersom ungdomen er interessert i utfallet, er sannsynet større for at han nyttar røysteretten sin ved valet.

Skulane har også i år vist stor interesse for å vera med i prosjektet som går føre seg 3. og 4. september. I skrivande stund har 364 skular med til saman 163 733 elevar meldt seg på. Valundersøkinga skal gjennomførast på 175 av desse skulane.

Partilister med høg gjennomsnittsalder

Dei politiske partia legg vekt på å balansera mange ulike omsyn når dei set opp listene sine. Viktigast er det sjølvsagt å ha tunga beint i munnen når dei øvste plassane på lista skal fordelast: Ein bør ha personar med brei politisk appell i kommunen, ein må ha både kvinner og menn, og ein bør kombinera ungdommeleg vitalitet med årelang politisk livsvisdom.

Oppsettet av lista er ei oppgåve for partia eller listemakarane. Veljarane har på si side høve til å påverka rekkjefylgja ved å endra på røystesetelen ved kumulering. I samband med kommunestyreval, kan slike rettingar ha stor innverknad på det endelege resultatet.

Dersom dei unge ser det som viktig å få ungdomar inn i kommunestyra, er det soleis råd å påverka valutfallet i denne leia. For å skaffa oss litt bakgrunn for å vurdera kor ungdommelege kommunestyra til hausten blir, kan me undersøkja nokre sider ved kommunestyrevalet i 2003.

I 2003 var om lag sju prosent av dei valde representantane under 30 år. Gjennomsnittsalderen for valde representantar var 46,8 år, for vararepresentantane var den 45,8 år, og for dei som korkje vart valde eller vara, var den 48,7 år. Det viser at kommunestyrerepresentantane er ei godt vaksen gruppe. I tillegg ser det ut til å vera ein viss tendens til at ungdomskandidatane endar høgt oppe på lista, men ikkje heilt på toppen: Dei blir vararepresentantar.

RV er yngst

Dersom me reknar ut gjennomsnittsalderen for alle personane som sto på lista for eit parti, kan me få eit inntrykk av om det finst parti med ein meir ungdommeleg profil enn andre. Ikkje uventa har Pensjonistpartiet den høgste gjennomsnittsalderen med 69 år. I den andre enden av skalaen finn me Raud Valallianse med 42,6 år. Generelt sett viser resultatet at dei gamle og etablerte partia tenderer mot å ha ein høgare gjennomsnittsalder på sine kandidatar enn det nyare parti har.

Meir overraskande enn at Pensjonistpartiet har ein høg gjennomsnittsalder, er det at gjennomsnittsalderen varierer frå fylke til fylke. Ser ein vekk frå Oslo, er området rundt Indre Oslofjord eit gamlisområde. Sogn og Fjordane har lågast gjennomsnittsalder med 45,3 år.

På oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet organiserte ErgoEphorma innsamling av vallister ved kommune- og fylkestingsvalet i 2003. NSD og forskarar ved Universitetet i Bergen, har lagt data til rette for analyse. Vallistene med alder og talet på røyster er tilgjengelege frå NSD.

Datakilde: www.samfunnsveven.no

Artikkelen er publisert i NSDnytt 3/07.