NSD grafikk
screen_hr.

Skuleval 2007

Av Atle Jåstad

Føre kvart lokal- og stortingsval sidan 1989, inkludert folkerøystinga om EU i 1994, har det blitt samla inn informasjon om politiske haldningar og handlingar blant norsk skuleungdom. Årets val er såleis det ellevte på rad. Materialet er ei viktig kjelde til kunnskap om ungdom og politikk gjennom dei siste femten–tjue åra. NSD har frå 1989 vore ansvarleg for gjennomføringa.

test

Tidlegare har kvart skuleval vore organisert som eit avgrensa prosjekt. Nytt av året er at Utdanningsdirektoratet har gjort prosjektet om til ei femårig avtale som femner om i alt tre val: 2007, 2009 og 2011. Etter ei tilbodsrunde valde Direktoratet å gje oppdraget til NSD.

Ved at prosjektet er vorte meir langsiktig, blir det råd å arbeida med sentrale oppgåver også dei åra det ikkje er skuleval. Det tyder at me kan utvikla og vedlikehalda systema for informasjonsutveksling og datainnsamling, men fyrst og fremst er det viktig at me får høve til å tilpassa data for undervisingsformål. Den kanskje viktigaste tanken bak prosjektet, er at det skal ha ein skulerande effekt for dagens unge. Difor er det sentralt å utvikla pedagogisk læremateriell som viser korleis denne omfattande datakjelda kan nyttast. NSD vil til skuleåret 2007/2008 lansera ein portal til undervisingsrelevant informasjon hjå NSD. Portalen vil innehalda læremateriell og ei lang rekkje spesialtilpassa datakjelder. Data frå skulevalsprosjekta vil spela ei sentral rolle for denne nettenesta.

Alt om Skuleval finn du på www.samfunnsveven.no.

Artikkelen er publisert i NSDnytt 1/07.