NSD grafikk
screen_hr.

Ein av to menn er overvektige

Av Atle Jåstad

test

Tal basert på levekårsundersøkinga til Statistisk sentralbyrå (SSB) frå 2005, indikerer at meir enn halvparten av alle norske menn er overvektige. Dette året, som i 1998 og 2002, var helse hovudtemaet i levekårsundersøkinga. Hovuddelen av undersøkinga vart gjennomført ved intervju, men ein del sensitive spørsmål vart tekne ut og distribuert i eit spørjeskjema respondentane skulle fylla ut sjølve. Skjemaet inneheldt mellom anna spørsmål om psykisk helse, livshendingar, rusbruk og speletrong. Data frå undersøkinga kan tingast hjå NSD.

Noreg er inne i ein ekspansiv vekstperiode. Arbeidsmarknaden er betre enn på lenge, og det personlege forbruket set stadig nye rekordar. Fleire økonomiske ekspertar har etterkvart byrja å minna oss om at økonomiske konjunkturar går i bylgjer; etter sju feite år kjem det kanskje sju magre. Det offentlege ordskiftet tek ofte for seg temaet slanking. Mange fryktar at sjukdomar relatert til overvekt vil bli eit alvorleg samfunnsproblem i framtida. Men kor stort er eigentleg problemet med overvekt i det norske samfunnet?

Tunge tider i vente

Kroppsmasseindeks, frå no forkorta til det engelske BMI, er eit mål på tilhøvet mellom vekt og høgde (vekt i kg/kvadrert høgde i meter). Målet seier ikkje noko om tilhøvet mellom musklar og feitt, og veltrente folk med stor muskelmasse vil såleis ha ein høg BMI. Men for relativt utrente menneske gjev målet ein god peikepinn på tilhøvet mellom høgde og vekt. På grunnlag av BMI, er det vanleg å dela folk inn i fire kategoriar: Dersom BMI er lågare enn 18, er ein undervektig, frå 18–24,9 er ein normalvektig, frå 25–29,9 er ein overvektig og frå 30 og oppover er ein ekstremt overvektig.

Levekårsundersøkinga 2005 kan nyttast til å finna ut kor store nordmenn er. Resultata syner at 4 prosent er undervektige, 52 prosent er normalvektige, 36 prosent er overvektige og 9 prosent er ekstremt overvektige. Figuren illustrerer ein tydeleg kjønnsdimensjon: 54 prosent av mennene har kryssa grensa for overvekt, medan det tilsvarande talet for kvinner er 36 prosent. Noko av skilnaden mellom kjønna kan forklarast med muskelmasse, men muskelmasseargumentet kan ikkje nyttast til å bortforklara nivået: Norske menn er rett og slett for overvektige.

Artikkelen er publisert i NSDnytt 1/07.